Styret i Uskedal ungdomslag er svært takknemlege for den overveldande støtta dei opplever etter at dei starta SPLEIS til drift av ungdomshuset Helgheim og ungdomslagshytta Fjelly ved Mannsvatnet. Til saman har 52 givarar no gitt 15.746 kr. I tillegg kan dei melda om at Gros Blomster har sponsa med vårblomar til utepottene ved Helgheim, og Byggmester Stensletten har sponsa med material til vedlikehaldsprosjekt. Målet for SPLEISEN er 20.000, og det gjnstår 11 dagar av perioden. Det burde vera godt håp om å nå målet. SPLEISEN finn de HER.

tid