Jørn Øyrehagen Sunde - gjest i radioprogrammet Stanghelle på fredag
I dag er Jørn Øyrehagen Sunde gjest i radioprogrammet Stanghelle på fredag. Tema er Magnus Lagabøtes Landslov og forskinga som vert gjort fram mot 2024 då landsloven markerer 750 år. Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, er rådgjevar for den nasjonale markeringa. Programmet kan de høyre ved å klikka HER.
Det vert mellom anna laga ein podkast som er ei satsing på Nasjonalbiblioteket. Fyrste episode er alt sendt og dei neste 6 episodane kjem kvar onsdag framover. Vi får sjå Sunde i samtale me ekspertar på mellomalderhistorie. Målet er å skildra Noreg i mellomalderen.
Magnus Lagabøtes Landslov er den fyrste felles lova for heile nasjonen. Landsloven gav nordmenn ein identitet som norsk frå 1400 talet og som etablerte vår tradisjon for å styra samfunnet gjennom lov bygd på brei kompromiss.
Innhaldet i podkasten Lagapodden byggjer på forsking som er og vert gjort i Landslovprosjektet kvart år fram til 750 års markeringa sommaren 2024. Podkasten finn de ved å klikka HER.
Tekst/foto: Kristian Bringedal
Nett: Kristian Bringedal/Thor Inge Døssland