Pål og Astrid Haugland, gode kandidatar til Folkehelsepris
Det aktive og samfunnengasjerte ekteparet Astrid og Pål Haugland er blant dei gode kandidatane til Folkehelseprisen i Hordaland 2021. Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak prisen, og det er godt arbeidande Uskedal helselag som har fremma forslaget på dei gode kandidatane. Helselaget har nok heile bygda bak seg i dette!
Ekteparet har gjennom heile sitt vaksne liv vore drivkrefter og motorar i helsebringande arbeid i bygda. Sjølv om dei har passert 70 med god margin, er begge framleis svært aktive etter meir enn 50 år. Koronaen har berre tvinga fram ein pause i nokre av aktivitetane. I framlegget som er sendt inn, skriv Uskedal helselag innleiingsvis:
Gjennom heile denne tida har dei vore svært aktive både som leiarar, trenarar, tilretteleggjarar for gode helsebringande, fysiske og sosiale aktivitetar. Dei har alltid stått heilt framme i dugnadskøen. Engasjementet har vore over eit breidt felt med aktivitetar, men det har alltid vore viktig og grunnleggande for dei at, i tillegg til fysisk utvikling og velvære, har det sosiale gjennom eit inkluderande fellesskap lege i botnen.
I mange tilfelle har det vore stort alderspenn i treningsgruppene, – frå ca. 10 år til godt over 70. Dei har alltid tilpassa aktivitet og tilbod til kvar enkelt sine behov. Dette har gjeve særdeles mange stor glede av vera fysisk aktive. Det gode miljøet som har blitt skapt, har vore viktig for fellesskap, samhald og trivsel i bygda.
I tillegg til å vera direkte involvert i positive aktivtetar, har dei også vore drivkrefter som tilretteleggjarar i mange dugnadsprosjekt som har vore viktige for eit rikt aktivitetstilbod slik som t.d. turløyper, langrennstrasè, idrettsbanen «Heio» osv.
Vidare i søknaden vert den store innsatsen paret har gjort i ulike grupper som turn og trim, fri-idrett, fotball, ski, turmerking og stirydjing, og for idrettsbanen på Heio, omtala. Imponerande uthaldande har dei vore, og i tillegg har dei klart kunststykket å ta vare på alle etter kva nivå dei ønsker, – både dei som ønsker å bli kretsmeistrar og dei som legg mest vekt på det sosiale i aktivitetsgruppa. Dei har vore særdeles flinke til å skapa trivsel rundt seg. Fagleg har dei halde seg godt oppdatert ved å delta på mange leiar- og trenarkurs. Framleis set dei og i gang nye gode og helsebringande tiltak. For eit par år sidan tok Pål initiativ til å få i gang dugnadsgruppa for pensjonistar som er blitt ein suksess.
Helselaget avsluttar søknaden slik:
Pål og Astrid Haugland er to særdeles verdige kandidatar til «Folkehelseprisen 2021». Svært mange hadde gledd seg saman med dei om dei hadde blitt tildelt prisen for den enorme og helsebringande innsatsen dei har gjort gjennom heile sitt vaksne liv. Heldigvis har dei gjort det på ein måte som har ført dette engasjementet vidare til både første generasjon og andre generasjon som dei har etter seg.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kvinnheringen, Kristian O. Bringedal og Espen Eik.