Fasteaksjonen - konfirmantane i Uskedalen har samla inn kr. 3.000,- så langt
Fasteaksjonen 2021 går til reint vatn i fattige land. Konfirmantane i Uskedalen har vore aktive i innsamlinga både digitalt og fysisk. For ei veke sidan gjekk dei på døra og la att lappar med informasjon/ VIPPS- og kontonummer i postboksen. Til no er det samla inn kr. 3.000,- i Uskedalen. Det er enno tid å vera med i aksjonen.
Totalt i Kvinnherad er det samla inn nær på kr. 20.000,- . Det sikrar reint vatn til 80 personar. Kvinnherad er nr. 9 på lista i Vestland fylke. Uskedalen er nr. 2 på lista i Kvinnherad, etter Husnes/Valen/Holmedal.
Innsamla midlar vert registrerte på postnummer.
VIPPS til 2426
Kontonummer: 1594 22 87493
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressemelding