![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/04/19625-1_paaskevandring_2.jpg)
Skulekameratane fekk vera med på Påskevandring i kyrkja
Ei årleg hending i kyrkja er påskevandring, denne gongen for Skulekameratane på avdeling Bamsebu i barnehagen. Born og vaksne møter i inngangen til kyrkja. Tilsette på kyrkjekontoret ynskjer velkomne og fortel litt om skilnaden på julevandring og påskevandring. I jula var det ei julekrubbe med Jesus som lite barn. No er Jesus ein vaksen mann.
Borna er med på eit dramapedagogisk program med forteljing og roller. Sentralt i påskevandringa er:
- Forteljinga om Sakkeus og den lamme mannen og om korleis livet deira vert endra i møte med Jesus
- Om palmegreinene og påskemåltidet der Jesus vaskar læresveinane sine føter og tek på seg ei tenaroppgåve
- Opplesing frå Bibelen om at Jesus måtte døy, overgangen frå det som er trist til Jesu oppstode og glede.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/04/19625-2_paaske_kyrkja.jpg)
Borna er nysgjerrige og engasjerte. Så er det eit år til neste påskevandring i Uskedal kyrkje, men før det: Julevandring.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/04/19625-3_paaske_kyrkja.jpg)
Tekst: Kristian Bringedal - kjelde: Kyrkjelydsbladet Påske 2019
Foto: Gry Måkestad Smidt
Nett: Kristian Bringedal