Jens Oddvar Eikeland starta for nokre år sidan prosjektet Grønt punkt. Det handlar om innsamling og mottak av rundballeplast. Målet var mellom anna å leggja til rette for eit miljøretta tiltak for å ta hand om plasten som vert brukt i slåtten ved grasberging. I Omvikdalen vert plasten levert på tunet og pakka i ei rundballepresse. Uskedalen.no spør om dette tilbodet vert brukt av bønder i Uskedalen.

Hans Reidar Kjærland fortel at bønder i Uskedalen har brukt dette tilbodet i årevis. Det vert samla opp og levert til mottaket i Omvikdalen. Sjølv leverer han 3 – 4 gonger i året. Det er ikkje ei samordna innsamling. Dei, som er med på innsamlinga, leverer kvar for seg. Uskedalen.no avventar ein uttale frå Bondelaget om innsamlinga kan forsterkast.

Det vert i Kvinnherad totalt levert rundt 80 tonn årleg. Sidan oppstarten er det pressa og levert 1000 tonn til mottak. Far og son Eikeland ser på dette som eit viktig miljøtiltak. Frå Lanbrukskontoret vert det sagt at arbeidet må halda fram og at fleire bønder bør bruka tilbodet.

Ølve bondelag har starta opp med eit liknande opplegg. På Facebooksida til Landbruk i Kvinnherad kjem det fram at dersom andre har tankar om innsamling av plast, ysnkjer landbrukskontoret kontakt.

NRK Hordaland hadde innslag i lokalsendinga i kveld om ei systematisk innsamling og levering av rundballeplast.

Tore og Jens Oddvar Eikeland i Omvikdalen har tilbod til landbruksnæringa om mottak, pressing og levering av ballaplast.
Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå Facebook Landbruk i Kvinnherad