Kulturstipendet vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativt virke. Stipendet skal vera eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr. Stipendet er på 50 000 kroner, og er eit samarbeid mellom: Sparebank 1 – SR Bank, Sparebanken Vest, Sunnhordland kraftlag og Kvinnherad kommune. Søknadsfrist: 01.06.2021

kb