Gladmelding til korpsinteresserte: HUBB held fram!
Etter at vi nyleg hadde ei sak om at det gode tilbodet Hordaland Ungdoms BrassBand ville bli nedlagt etter 15 års drift, har vi fått tilbakemelding frå lokale korpsfolk om at dei er lei seg for at dette gode tilbodet fell vekk. I går tikka det inn ei gladmelding om at HUBB likevel held fram etter same mønster som før. Norges beste brassband, Eikanger-Bjørsvik musikklag, har tatt på seg å stå for drifta.
Mange uskedelingar og kvinnheringar har gjennom åra hatt glede av det musikalske og sosiale fellesskapet i HUBB. I Uskedal skulemusikk er det for tida fleire talentfulle, unge musikarar som i åra framover kan bli medlemmer av dette korpset. Derfor er det svært gledeleg at mangeårig norgesmeister og tidlegare europameister, EBML, har tatt på seg å driva HUBB vidare som eit tilbod til alle unge korpsmusikarar i heile regionen. Dermed er korpset sikra dei beste instruktørkrefter. Første samlinga er planlagd til hausten. HUBB blir eit fint supplement til rekrutteringsarbeidet som EBML allereie driv.
- HUBB har vore eit særs viktig tilbod for så mange unge musikantar i 15 år. Då me fekk vete at drifta no skulle leggjast ned, så tok me straks kontakt med eldsjela Ole Johan Aarlie med spørsmål om det kunne vere ein ide at me tek over drifta. På medlemsmøtet i samband med årsmøtet i Eikanger-Bjørsvik på fredag, så gav musikantane tommelen opp for at korpset overtek drifta. Det er fleire av den noverande besetjinga hjå oss som har spelt med HUBB.
Ole Johan Aarlie og Kjersti Pisani har gjort ein formidabel jobb med HUBB, og me er skikkeleg imponert over kva dei har fått til. At dei no ynskjer avløysing forstår me også godt. No vert det ein periode med tett samarbeid slik at me kan invitera til ny samling med HUBB til hausten. Unge og engasjerte musikantar i Hordaland fortener at dette tilbodet vert ført vidare.
I Eikanger-Bjørsvik sitt ‘DNA’ er det å engasjere seg sterkt forankra. Dette er verdiar me deler med våre samarbeidspartnarar. Musikantar, leiing og støtteapparat i Eikanger-Bjørsvik gler seg til å drive HUBB vidare i mange år, melder m.a. Viggo Bjørge, nestleiar i Eikanger-Bjørsvik.
Styret i HUBB seier at dette er ei svært god løysing:
- Vi i styret i HUBB synes det er en fantastisk løsning vi nå har fått på plass med at Eikanger-Bjørsvik overtar ansvaret og driften av korpset. EBML har ressurser i form av instruktører og dirigenter i egne rekker som vi bare kunne drømme om.
Vi og EBML er enige om at det er viktig at HUBB fortsetter å være et tilbud til alle, ikke minst er det viktig å ta vare på de som befinner seg i «utkantkorpsene» i Hordaland. Dette både som musikanter og det å ha samlinger i hjemmemiljøene hos de ulike musikantene.
Mellom medlemmene i EBML er det for tida ein kvinnhering. Det er Sebastian Lamberg Torjusen(tuba). Han har også opparbeidd seg mykje erfaring som instruktør og dirigent.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.