Kom og gå på den raude løparen hos Gros Blomster
Å gå på den raude løparen er for mange eit kongeleg begrep. No har du sjansen å få gå på den raude løparen. Då må du ta turen til Gros Blomster i morgon, laurdag 13. november. Det er eit godt utval i blomar, anten du tenkjer på Fastelavensdag, Valentinsdag eller Morsdag.
Å få gå på den raude løparen er ei storhending for mange. Ved kongeleg besøk skal det alltid vera raud løpar. Det kan også vera på filmfestivalar eller filmpremiere.
Underteikna hadde ansvaret for den raude løparen på Rådhuset. Den vart berre nytta ved ekstraordinære høgtider eller då dronninga kom til Kvinnherad. Det vart nokre gonger spurt om å låna ut den raude løparen. Svaret var som oftast NEI.
Ta turen til Gros Blomster og gå på den raude løparen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gro Hjelmeland