Ein semi frå Tipp Frakt, Barkevik Listehøvleri, køyrde seg fast i Beinavikjo i kveld, onsdag 27. januar. Etter lossing på Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Trelast, var det stopp på det glatte føre i den skarpe svingen frå KV si verksemd i Beinavikjo og inn på kommunevegen. Ein større bergingsbil frå Odda Bilberging vart tilkalla. Med kjettingar, utstyr og drag vart det funne ei løysing.

kb