Grasrotandelen er ein del av overskotet frå Norsk Tipping som går tilbake til lag/ organisasjonar og lokale tiltak i lokalsamfunnet. Uskedal Idrettslag toppar lista i Uskedalen over dei som vert tildelt midlar i 2020. Løyvinga er på heile kr. 102.088,-. Neste på lista er Skulemusikken med kr. 38.659,-. Totalt vert det overført rundt rekna kr. 200.000,- til ni uskedalslag. Det er ein auke frå året før.

Her er laga i prioritert rekkjefylgje som er registrert og vert tildelt midlar frå Grasrotandelen:

  • Uskedal Idrettslag
  • Uskedal Skulemusikk
  • Røysterett for Alle
  • Uskedal Ungdomslag
  • Festidalen
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag.

Det er ein føresetnad at laget er registrert i frivilligregistret og at den som tippar har meldt frå om kva organisasjon som skal få tilskot. Heile 336 tipparar i Uskedalen let deler av innsatsen gå til eit av dei ni laga.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto. Haldis Aakra