Finn fram ski, akebrett, rattkjelke og kom i Pålavegen
Skogsvegen på Haugland, på folkemunnen kalla Pålavegen, er klargjort for aking og skigåring dag og kveld. Pål Haugland melder at vegen er brøytt og køyrd opp med snøcooter. Vegen er fast og fin og kan brukast fritt av alle som vil ut i det fine vinterveret. Snøen ligg på trea og det er reint idyllisk å ta seg fram.
Bergen har si fjellside med turvegar frå Fløyen og ned i bykjernen. No har Uskedalen sin fjellveg preparert og klargjort for nedkøyring frå toppen i Hauglandslia og like ned til Fylkesvegen. Kan det gå sport i det å køyra like ned gjennom fem svingar utan stopp.
Månen er liten og knapt synleg, men sterjehimmelen lyser opp. Dessutan er det høve til å bruka hovudlykter.
Kom og ver med på ski- og snøleiken. Køyr ned fjellsida på Haugland, om lag 500 høgdemeter.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal