Rekord på Fjellandsbøvatn i dag ?
Det var truleg rekordframmøte av bilar og folk på Fjellandsbøvatn i dag, laurdag 9. januar. Om lag 100 bilar har i løpet av dagen vore innom plassen. Tett i tett stod bilane parkerte til sides og på vegen langs vatnet. Talet på born og vaksne må vera rundt 200. Uskedalen.no merka seg at det var gjester frå mange bygder.
kb