Med stabilt og kaldt er det trygg og fin is på Fjellandsbøvetn. Sidan ondsdag i denne veka har det vore stor tilstrøyming av små og store skøyteløparar, men også av ivrige friluftsmenneske. Nokre fyrer opp bål, kokar seg kaffi og kosar seg i den storslagne naturen med Ulvanoso tett på. Andre nyttar høve til å gå tur langs vatnet og i Åsaredalen mot Leiteshaugane.

Nokre vel å vera på isen mens det er sol. Det er mellom kl. 11 og kl. 14. Andre brukar isen etter arbeidstid og på kvelden. Månen er minkande, men sterjehimmelen er godt synleg.

Dei Uskedalen.no snakka med i dag, fortalde at det hadde i snitt vore mellom 20 og 30 bilar parkerte langs vatnet. Dette utgjer om lag 40 – 50 personar samla på Fjellandsbø kvar dag.

Isen ligg også på elvane og bekkene som snor seg gjennom det som til vanleg er myr og våtmark.

Isen er trygg. Låg vasstand gjer at ein nokre plassar kjem ein snart borti strå og gras, men det er ikkje noko hindring sidan temperaturen er så låg. Isen ligg også på mindre elvar og bekker som fører vatn frå Skaret og fjellveggen til Fjellandsbøvatn. Elveløpa snor seg i landskapet i det som til vanleg er myr og våtmark.

I morgon ettermiddag og kveld er det meldt snø. Det kan koma mellom 10 og 20 cm. på eit døger. Då er det fram med plogen, kost og snømåke for å laga skeisebane.

Fjellandsbøvatn i sol, mellom kl. 11 og kl. 14.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal