Vassverket melder om lekkasje på nettet
Uskedal Vassverk melder om at det må vera lekkasje på nettet. Det går ut om lag 5 liter pr. sekund meir enn det som er normalt. Vassverket bed alle sjå etter om det er brot i eller ved hus, naust og hytter. Det kan vera susing i røyrane, mindre trykk eller at det frys opp i terrenget. Meld frå til styret v/ Hans Reidar Kjærland, mobil 997 01 819.
Uskedal Vassverk