Det er ein flott bukett med fire Uskedals-ungdommar som i 7-tida i dag tidleg forlet Kvinnherad for å starta eit år i militæret på Bardufoss. Mest overraskande er det at jentene er i klart fleirtal. Det er nemleg tre svært så kjekke jenter, Amalie Hovden Rød, Hanna Tvilde og Thea Soltveit Taranger, som like kjekke Martin H. Arnesen har med seg når han stig av flyet på Bardufoss Flystasjon utpå dagen. Uskedalen.no var så heldige at vi fekk møta dei fire flotte og travle ungdommane om ettermiddagen dagen før avreise. Thea kom rett frå siste dag på jobb som ferievikar på Hydro Husnes. Der har også dei tre andre hatt feriejobben sin, men dei hadde hatt fridag.

Ein kjekk gjeng å snakka med rundt bordet. F.v.: Thea Soltveit Taranger, Martin Hjelmeland Arnesen, Amalie Hovden Rød og Hanna Tvilde.

Dei fire såg alle fram til året i Nord Norge, sjølv om dei kjende sommarfuglane var begynt å gjera sitt inntok i magen. Dei gledde seg sjølv om dei var litt usikre sidan det var nytt og ukjent. Eit år i forsvaret var eit ønske frå alle dei spreke ungdommane. Dei hadde også meldt inn at dei ønskte seg til Nord Norge.
– Det er eit nytt kapittel som startar. Det er jo litt usikkert, veit ikkje heilt kva vi går til, men vi trur året vil gi oss gode opplevingar som vi vil ha til minne resten av livet. Det blir kjekt å treffa nye folk og oppleva ein ny sosial kvardag, er dei fire enige om, og så ønskte dei eit annleis år før dei går i gang med studier.
– Eg har lyst til å utfordra meg sjølv, seier Thea vel vitande om kor utviklande det er.
– Eg har lyst til å oppleva skikkeleg vinter, fortel Hanna og dei andre føl opp med minus 40 grader, nordlys, midnattsol, mørketid og andre naturopplevingar som særpregar den nordlege delen av landet vårt.

Dei håpar også å få reist litt rundt i området. Særleg håpar dei på mange turar til Tromsø som berre er knappe 2 timar unna, for å oppleva “Nordens Paris”.
– Vi håpar òg å bli litt kjende med lokalbefokningen og få kjennskap til den lokale kulturen. Vi håpar at dei er så imøtekommande som vi har høyrt.

Dei synes dei er heldige i og med at dei er hamna i same bataljon og same leir, Heggelia leir.
– Men det er no ikkje sikkert vi kjem i same tropp, for det er tre troppar i leiren, fortel Martin. Dei er enige om at dette kjem til å gå greitt uansett.
Men, no har deino gått same vegen så langt, så kanskje dei hamnar i same tropp og til og med på same rom?
At dei skal så langt vekk frå familien, ser ikkje ut til å plaga dei. Dei fortel at dei har 7 gratis heimreiser dette året, og talet på permdagar dei får, varierer. Det er i alle fall 20.
– Vi kjem nok ein del turar heim, men det er ikkje sikkert vi klarer å bruka alle dei 7 heimreisene.
Elles så kjem dei jo både til å sjå og snakka med familien via nettet.

Når militæråret er ferdig, blir det studiar i Bergen for alle fire.

Eg spør om nokon har tenkt å utdanna seg og gjera karriere i forsvaret, men då har alle svaret klart.
– Nei, det blir med dette eine året i Nord Norge, svarar dei til glede for Uskedalen og til sorg for Nord Norge. Alle har nemleg planane så godt som klare. Neste haust ventar studiar, og dei nemner NHH, lærarskule, psykologi og økonomi eller eitt eller anna i Bergen. Alle er nemleg fast bestemt på at Bergen blir neste stopp.
– Det er eit godt studentmiljø der, og det er gode skular. Mange venner kjem til å studera der. Dessutan er det så nærme at vi kan reisa heim i helger når vi ønskjer det.
I tillegg til å besøkja familie og venner, ser dei og at det då kan vera mulighet for litt jobb og ekstrainntekter.
– Hydro si dør er forhåpentlegvis open for oss, seier ei av dei. Hanna og Amalie har jobba der to somrar medan Thea og Martin har hatt første sommaren sin der i år. Alle er svært fornøgde med det.

Etter ein kjekk samtale med dei fire blide og flotte representantane for bygda vår, ønskjer vi dei lukke til med militæråret som nok kjem til å gå altfor fort, og eg må avslutta med å sei:
– Eg trur kanskje Uskedalen kjem til å sakna dei fire ungdommane meir enn dei kjem til å sakna vakre Uskedalen.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.