Rett namn på sandflåten er Prammen.
Redaksjonen takkar for merknader om namnebruk i artikkelen om sanddrift i elvosen på 1950 og 1960 talet. Granen er eit stadnamn, namn på plassen i elvosen. I Kvinnherskringlo finn vi tydinga på ein grande: Sandbanke attmed elvar og vatn. Granen var eit delta mellom Pitterskjøylo og sjøen. Lektaren vart kalla Prammen. Før det var namnet berre Skrapo. Arne Myklebust ( Arne på Sanden ) dreiv sanddrift på same måten med ei skrape, i område der båthamna ligg i dag. Meir informasjon kjem seinare.
Tekst/nett Kristian Bringedal Kjelder: Asgeir Bjelland, Birger Myklebust, Reidar Myklebust, Terje Myklebust og Olaf Agnar Gausvik Foto: Arkivfoto