Gro Heidi Åsen frå Uskedalen er tilbake som journalist i Hardanger Folkeblad. Gro Heidi bur i Jondal og har ei brei erfaring frå media og ulike arbeidsoppdrag i Jondal kommune. Det er nøyaktig 10 år sidan ho sist var journalist i Hardanger Folkeblad. Før det var ho i Grenda og Kvinnheringen. Så vart det innsida.no der Gro Heidi sat i Jondal og skreiv lokalt stoff frå Kvinnherad.

I 2012 vart ho landsbylos i Jondal, jobba med reiseliv, næringsutvikling og utvikling av Jondal nasjonalparklandsby. Sidan har det vore arbeid som sentralborddame, sekretær, handsama søknader om kommunale tilskot, kulturmidlar, motorferdsel i utmark. Ho har også vore ansvarleg for oppgradering av sakssystem og opplæring i dette. I nye Ullensvang kommune har det hovudsakleg vore reguleringsplanar, men og litt byggesaker.

Gro Heidi Åsen var presseansvarleg for Kongebesøket i Jondal i 2019. No er det tilbake til Haranger Folkeblad, for det meste med stoff frå indre Hardanger, men også med artiklar frå Kvinnherad.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat