Kom og ver med på friluftsgudsteneste på Skorpo i morgon, sundag 18. juli.
Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo vert i morgon, sundag 18. juli kl. 14.00. Det er båtskyss frå Sandakaien kl. 13.00. Skyssen kostar kr. 50,-. Ta med flytevest. Det er gode vermeldingar i morgon frå midt på dagen og utover. Dersom det likevel skulle bli dårleg ver, vert gudstenesta på låven hos Ole Kristoffer Vågen.
Det er tredje gongen det vert dåp på Skorpo. Liturg er Carsten Mrusek. Etter gudstensta vert det kyrkjekaffi. Alle er velkomne til å vera med. Til vanleg veit vi at faste feriegjester på Rabben Feriesenter set pris på dette tilbodet. Det er ei fin stund der ein kjem til tunet i Vågen på Skorpo og møter hyttefolk og fastbuande.
Vel møtt !
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal