Vindskeiene på Helgheim vert skifta likevel.
Dei råtne vindskeiene på Helgheim vert skifta medan ein har stillas og arbeidarane på plassen med måling på kortveggen mot sør. Det er Sandvoll Entreprenør med Bård Blom som arbeidsleiar som gjer jobben. Oppdraget var ny bordkledning. Det vart gjort i februar månad. No er veggen målt i den raudfargen som særkjenner Helgheim og nye vindskeier er på plass. Godt jobba.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Gustav Mussland