Fagerbusk, hagens dronning, på Kjærland.
På Kjærland på bruket til Hans Reidar Kjærland finn vi Fagerbusk. Det er hagens dronning 3-4 veker i juni/juli kvart år. I Danmark vert den kalla «Dronningbusk» og i UK vert den kalla «Beauty bush», derav namnet Fagerbusk hos oss. Det var først i 1901 at Kolkwitzia amabilis vart funne på 3000 meters høgde i det sentrale Kina. Fagerbusken var ukjent også for kinesarane før den tid.
Til Norge kom den truleg omkring 1930. Busken på Kjerland kom frå Brumunddal frø for snart 60 år sidan. Den tilhøyrar Caprifoliaceae-familien, er hardfør og nøysam.
Finst det andre sjeldne buskar med ein historie i Uskedalen. Ta bilete og skriv nokre ord og send til uskedalen.no@gmail.com
Tekst: Kristian Bringedal/ Hans Reidar Kjærland Foto: Hans Reidar Kjærland Nett: Kristian Bringedal