Nilsen Eigedom har lagt ned eit omfattande arbeid i å fornya og oppgradera bunkringsstasjonen på Sandakaien i Uskedalen. Det meste er nytt slik som tak, vegger, tromler og betalingsterminal. Alt er gjort for å vera oppjustert i høve til sentrale krav til bensin- og dieselsal og ikkje minst med bakgrunn i nye reglar for kortsikring. Nilsen Handel, som står for bunkringa, har ein årleg omsetnad på 1,5 millionar kroner. 70 % av salet er i perioden frå mai til september.

Bente og Geir Nilsen ( bilete ) fortel til uskedalen.no at kundane kan velja mellom autodiesel eller bensin. Påhengsmotorar går på bensin, innabordsmotorar går på autodiesel. Alle betaler med kort, anten kredittkort eller Visa. Forbruket vert registrert i ein datasentral og kjem fram ved trådlaus overføring på telefon. Nytt er det at kunden legg inn makssum ved kjøp, til dømes kr. 300,-. Om noko uventa skulle skje, stoppar fyllinga på denne summer. Det har med sikkerhet å gjera.

Sjølv om omsetnaden er best i sommarhalvåret, er det god drift heile året. Oppdrettsbåtane treng diesel året rundt. Nilsen Handel kjøper drivstoffet frå Knaphus og med det forbruket som er i dag, må det etterfyllast 1 til 2 gonger i veka. Då er det ein tankkapasitet på 6000 liter bensin og 12000 liter diesel.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal