Frå fleire lesarar har vi fått tilbakemelding om at plassene opp gjennom dalen blir brukt til parkering ved utgangspunkt for turar, blir for dårleg utnytta. Det er svært begrensa med parkeringsmuligheter. Derfor er det særs viktig at dei plassene som er, blir godt utnytta. Då får ein plass til flest mogeleg også på store utfartsdagar. Det er sjølvsagt også viktig at ein ikkje parkerer slik at det hindrar aktivitet, eller er til ulempe for grunneigarar.

Med perfekt parkering slik bildet viser, er det plass til 9 kjøretøy, med uheldig plassering kan det bli ned til 3.

Tre stader der det ofte kan bli knapt om plassen er ved kalkestasjonen, ved brua bort til Hauglandsheio og ved startpunktet til Pålavegen. Vi nemner at plassen ved starten av Pålavegen ikkje er laga for parkering, men for at tømmertransporten skal klara svingen. Med velvilje frå vegeigarane blir den brukt mykje til parkering.

Det har hendt at det berre har vore plass til 3 bilar når førstemann har parkert på langs med vegen. I dag hadde dei starta perfekt, og sjølv om det var parkert 6 bilar og ein firhjuling, var det plass til to bilar til.

Derfor er førstemann som kjem til parkeringsplassane, den viktigaste. Det er ofte den som har størst betydning for kor mange det blir plass til.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland