Statlege koronamidlar til fire verksemder i Uskedalen.
Det er løyvd totalt løyvd vel 2 mill. kroner i koronamidlar til 33 verksemder i Kvinnherad. Fire av desse har firmaadresse Uskedalen. Det er Elins Matgleder, Rabben Feriesenter, Kroka Eigedom og Dønhaug Gard ( Bilete ). Dei statlege midlane skal nyttast som ei kompensasjonsordning for tapte inntekter i den tida det har vore pandemi.
Her er tala for søknad og løyving:
- Dønhaug Gard: Søkte om kr. 326.000,-. Løyving: kr. 75.000,-
- Elins Matgleder: Søkte om kr. 350.000,-. Løyving: kr. 100.000,-
- Rabben Feriesenter: Søkte om kr. 40.000,-. Løyving: kr. 40.000,-
- Kroka Eiegedom: Søkte om kr. 200.000,- . Løyving: kr. 75.000,-
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Dønhaug Gard