Torsdag var ein spesiell og viktig dag på Uskedal skule.  Det var avslutningsfest for dei 17 elevane i 7.klasse.  No ventar 3 år på ungdomsskulen før ferda går vidare.  I fjor måtte festen leggast om på grunn av koronasituasjonen.  I år blei det fest etter same leist.  Gjester på festen var, i tillegg til elevane, lærarar og andre tilsette som har vore knytt til klassen.  Også i år måtte det bli ein fest utan foreldra.

Gjester og lokale var pynta til fest.

Som i fjor var det 6.klasse som stod for alt det praktiske rundt festen.  Dei hadde pynta festsalen som var på personalrommet.  Dei hadde bestilt og kjøpt inn etter gjestene sine ønske, og dei stod for serveringa.  På menyen stod pizza, og seinare i programmet var det bløtekake og sjokoladekake.  Til drikke fekk dei brus.

Rektor Odd Steinar Arnesen var festleiar, og Hilde Bringedal hadde første post på programmet. Ho var kontaktlærar for klassen dei tre første åra før Åse Myklebust Neset overtok kontaktlærarjobben resten av barneskuletida.  Gjennom ord og bilde tok Hilde den feststemte gjengen gjennom ei koseleg mimrestund.

Tanja Bringedal som har vore faglærar i klassen dei to siste åra, og Hildegunn Klette Hansen som har vore assistent i 5 år, sa begge fram helsingar til elevane.  Også rektor sende gode ord med dei vidare.

Nelly(t.v.) og Malin overrekker den flotte minneboka til kontaktlærar Åse.

Dei to elevane, Malin og Nelly, overrekte gåver til kontaktlærar Åse.  Ho fekk mellom anna ei flott minnebok som ho sette veldig pris på:
-Den innheldt rørande og fine helsingar med bilde frå alle dei 17 elevane.  Den var så flott!! Alle hadde verkeleg gjort sin beste flid med arbeidet.  Den blir veldig kjekk å ta fram og bla og lesa i, seier ei litt rørt Åse om denne gåva.
Malin og Nelly overrekte også blomster til dei andre tilsette som har jobba med klassen.

Til slutt i festen var det Åse sjølv som fekk ordet. I avskjedstalen la ho vekt på å gi elevane eit bilde på kva ting som er viktige i livet som desse ungdommane har framfor seg.  Ho les også eit personleg vers på rim til kvar av dei 17 elevane samtidig som ho overrekte ei minnebok der elevane hadde skrive helsingar til kvarandre.  Frå skulen fekk kvar elev ein turkopp med namn og ei rose.

6.klassingane kom flott frå oppgåva som festarrangør.  Neste år er dei heidersgjestene, og då får vi håpa at situasjonen er normalisert slik at foreldre får mulighet til å oppleva denne høgtidelege feststunda.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Hildegunn Klette Hansen