Meir om skilting av fylkesvegane i Kvinnherad.
Redaksjonen syner til innlegget om skilting av fylkesvegen gjennom Uskedalen. FV 500 startar i Austrepollen og går via Reset til Ranavik. FV 548 går frå Reset til Utåker. FV 49 går frå Austrepollen til Jondal. Den same vegen går også frå Austrepollen gjennom Folgefonntunellen til Odda sentrum. I Uskedalen har vi dessutan FV 5038 på Døsslandssida til Musland. Alt dette og meir til kan du sjå på nettsida til vegvesenet.no/kart
Tekst: Hans Ordin Østebø Foto/nett: Kristian Bringedal