Musikklaget har spela på julefesten i Vonheim på Haugland kvart år sidan 1986.

Kontaktperson: Knut Stensletten (995 51 950)

Aktivitet:
Musikklaget består av ei stødig gruppe og har dei siste åra hatt 13-16 medlemmer. Vi øver to gang i veka (der den eine er frivilleg), og opptrer i ulike samanhengar i bygda og i nabobygdene. Korpset har siste åra hatt rundt 25 opptredenar i året.
Repertoaret består av publikumsvennleg musikk som hymner/frelsesarmètonar og lett underhaldningsmusikk som marsjar, tyrolermusikk, gammaldans og annan populærmusikk. Ein del av nummera på repertoaret er arrangert spesielt for bandet, nokre med songsolistar. Både repertoar og aktivitetsnivå passar særdeles godt for dei som vil ta opp att hobbyen etter nokre års pause.

Allsongprogram.
Musikklaget har dei seinare åra hatt allsongprogram på sjukeheimar, bygdekafèar og i andre samanhengar. Til desse har ein fått laga eit flott Allsonghefte med støtte frå Kvinnheradsstiftinga. Per Olav Paulsen og Bjørn Aakre har arranger det fleste av desse songane spesielt for bandet med tanke på tonefølgje. På allsongstundene er Kristian O. Bringedal fast forsongar. Kvart av dei siste åra har vi opptredd 3 gonger på Rosendalstunet, 2 gonger på Husnestunet og 3 gonger på Kafè Tiaren.

Musikklaget vart skipa 1.mars 1936, og søndag 1.mars 2026 var det 80-årsmarkering i ungdomshuset Helgheim. Her var det fullt hus med stort program. Vårdal Elmedia gjorde videoopptak av den flotte festen.

Faste øvingar:
På Stemneplassen kvar tirsdag kl.17 – kl.18.30. Frivilleg øving for dei som ønskjer det på torsdagar kl.17.

Julegrantenninga:
Musikklaget har hatt ansvar den velkjende julegrana i Uskedalen som har vore tend kvart år sidan 1963. Musikklaget spelar sjølvsagt under tenningsarrangementet.

Nye medlemmer:
Musikklaget er svært glad for nye medlemmer. Det er berre å ta kontakt med Knut Stensletten, eller andre i korpset. Ein kan også møta opp på Stemneplassen på tirsdagskvelden. Korpset har instrument til utlån.

Musikklaget spelar og syng under julekonserten i Uskedal kyrkje 2017
(Foto: Hans Ordin Østebø)

Rev. 2026/TID