Vassverket - snøsmeltinga sikrar nok vatn i det turre veret.
Kvinnherad kommune melder om vatningsforbod for å spara på vatnet. Det gjeld ikkje i Uskedalen. Styreleiar i Uskedal Vassverk, Hans Reidar Kjærland, melder at så lenge det er snøsmelting, er det nok vatn til alle. Dersom det fine veret held fram nokre veker til, kan det bli aktuelt med restriksjonar på bruken av vatnet.
Uskedal Vassverk har inntaktet i Eikeelva, nokre hundre meter innom Sørestølen. Vssbehandlingsanlegget ligg i enden på vegen fram til Sørestølen. Som sagt, så lenge det er snøsmelting i Englafjell og Manen, er dei 500 abonnentane sikra nok vatn.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal