I dag arrangerte fotballstyre i Uskedal Idrettslag mini cup for alle 6 åringane i kommunen. Heile 90 born var påmelde og møtte fram til ein fin dag på Heio og det med stor fotballglede. Alle fekk spelt minst tre kampar kvar. Fotballstyret er for tida fire medlemer. Det er frå venstre på bilete over: Maren Bjørnebøle, Isabell Stensletten, Mantas Kayras og Helene Bjørnebøle.

Heile 90 born samla til minicup på Heio.

Alle fekk spelt minst tre kampar kvar. Arrangøren hadde med seks dyktige dommarar som nyleg har fullført dommarkurs. Ein vil nytta høve til å takka SPAR, Uskedalen, for sponsing av frukt og juice til alle deltakarane. Det vart sett stor pris.

Tre av dei seks dommarne som dømde kampane på Heio i dag.

Tekst/foto: Isabell Stensletten
Nett: Kristian Bringedal