Vi er så vidt i gang med juni månad, og etter ein bra vekstperide er det no tid for at bøndene set i gang med førsteslåtten. Brørne Stian og Tor Ove Haugland som driv Haugland mjølk og maskin DA, er no godt i gang. Så langt uskedalen.no har registrert er det ingen fleire som er starta opp enno, men vi reknar med at mange kjem etter dei nærmaste dagane. Tidspunktet er vel ganske normalt for førsteslåtten.

Haugland mjølk og maskin DA går nok ein spesielt travel periode i møte. I tillegg til å slå eigen gard samt pakteareal blir det nok også ein del leigearbeid. Dei slår kjapt nokre dekar med sitt moderne utstyr. Publikummarar, med vakne auge for landbruksreiskapar, la nok merke til at Stian Haugland hadde ei flunkande ny, grøntskinande ballepresse etter traktoren i 17.mai-kortesjen.

Då uskedalen.no hadde ein runde i bygda, heldt Stian Haugland på og raka saman det som var slått, på oversida av hovudvegen utanfor Skulebruo på Feet(bildet øverst). Då hadde dei allereie fått graset i ballar på Heio og på nabostykket til gamle samyrkelagsbygget ovanfor Rabben Feriesenter.

Traktoregg på Heio.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland