Haugaland Kraft varsla på Facebook og elles på vanleg måte om smell i Uskedalen i dag ettermiddag. Det har ikkje nådd fram til alle, særleg ikkje dei med hund i nabolaget og på Rabben Feriesenter. Redaksjonen har motteke merknader frå lesarar om at smella kom uventa og brått på. Nokre hunderasar er sårbare for høge smell og kan vera urolege i ei framover.

Så langt uskedalen.no kjenner til er smella i dag ein del av eit større arbeid med høgspentlina fram til Sekundærstasjonen på Nedre Fet. Dei siste vekene har arbeidet vore lokalisert frå utmarka, framom Pålaplass og ned til den nyrestaurerte transformatorstasjonen.

Smella vert i linjefagmiljøet kalla for puff. Det er dynamitt som vert brukt for å kutta kablar. Det kan også ha samanheng med skøyting av kablar. Ei betre varsling, mellom anna på den lokale nettsida uskedalen.no, ville truleg nådd fram til langt fleire i nærmiljøet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal