“Den nære fortida 4” blir lansert i Helgheim.

Laurdag kl.13 er det klart for bokslepp av den 4. boka i lokalhistorieserien til Uskedal Historielag. Erfaringane frå dei tidlegare boksleppa har vore så gode at det også denne gongen skjer i ei solid kulturinnpakning. Uskedal Musikklag og Fire Rustne Menn blir med slik som dei tidlegare åra med musikalske krydder. Nytt i år er møtet med multikunstnaren Sindre Aksnes. Denne gongen er det dei musikalske evnene hans som blir presentert. Han vil traktera slagverket både med musikklaget og Fire Rustne Menn. I tillegg vil han gje smakebitar på spel på tre andre instrument.
Dei knallgode lappane er blitt eit varemerke på boksleppa til historielaget, og Jofrid og Åse er klare med både lappar, kaffi og saft også dette året. Heilt gratis!
Bildet over viser skriftstyret som er svært fornøgde med oppfølgjaren til dei tre føregåande bøkene i serien.

Framsida og baksideteksten på boka.

Førehandsalget av boka har gått veldig godt. Godt over 200 bøker er allereie på veg ut frå lageret. Mange kjem nok for å henta bøkene sine på laurdag. Historielaget er svært glade for den store interessa, og det er alltid like kjekt å sjå når folk set rundt borda og blar i bøkene sine. Dei mange kjekke bilda blir nok kommentert, og dei skaffar seg oversikt over innhaldet før dei skal heim og lesa. Grafikar Åslaug Snilstveit i Salikat Design og trykkeriet LOS Digital AS skal ha sin store del av æra for det gode resultatet.

Knut Steinsletten, Ståle Eik og Bjørn Ove Sunde var svært fornøgde då dei kika i boka like etter at den var kommen til Uskedalen.

Dei som ikkje alt har sikra seg boka, kan kjøpa boka i Helgheim. Viss nokon ønskjer seg tidlegare utgjevingar, har vi noko igjen av både bok 2 og 3, og utvandrarboka “Med von om ei betre framtid” som kom ut i fjor. Her er det også gode tilbod. Ved handel kan det brukast både kontantar og vipps. For dei som ikkje alt er medlemmer, kan medlemskontingent og ordnast. Årskontingenten kostar 200 kr. Det gjev ein god del medlemsfordeler gjennom året slik som t.d. 100 kr billegare bok og gratis inngang på arrangement.

Styret og skriftstyret gler seg til boksleppet. Det er alltid kjekt. Vi opplever det som ein stor kulturell happening der folk verkeleg kosar seg. Velkomne, velkomne!!

På boksleppet får vi oppleva Sindre Aksnes som spelar på mange strenger.
Tekst: Uskedal Historielag
Foto: Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland
Nett: Thor Inge Døssland