Hagepryd i Korsnes
I hagen til Anne Lise og Øystein Koløy er ei svær buskete furu blitt forvandla til ein vakker treskulptur. Det er bror til Anne Lise, trekunstnaren Kjell Musland, som er meister for det praktfulle og spesielle kunstverket.
Då furua blei kutta ned grein for grein, såg Kjell mulighetene til å skapa noko av det som dei sette att. Dermed forstsette han med å bruka motorsagene og andre reiskapar i kjend stil. No er altså “fururestane” blitt ein flott treskultur med både ørnar, kråke og småfugl. Skjære fuglekolonien. Vakkert!!
På bildet over ser vi Kjell og Anne Lise etter at dei har fått fjerna borken på få furua.



Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.