Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Turstiar i Uskedalen

Klikk på bilete for full storleik
Trykk på kartet for full størrelse
 
Vil du på tur i Uskedalen? Her finn du fleire turar med varierande vansklighetsgrad.
 

Gjennom eit samarbeid mellom idrettslaga og kvinnherad kommune, er det plukka ut 40 stiar rundtom i heile kommunen som skal betre tilretteleggjast for turistane. Alle stiane ligg inne på http://www.tursti.kvinnherad.no/ 

 

Nokre av turane pressentert her, følg link for omtale. 

 

Dønhaug, rundt båthavna

 

Englafjell, frå Eik

 

Englafjell, frå Fet

 

Kalkestasjonen

 

Mànen

 

Mannsvatn

 

Solfjell

 

Ulvanoso

 

Tverrfjell

 
 

Rev.12/ H.O.Østebø

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.06.2017
Trio med rekordstor siger!
Trio var i målform, og møtte svak motstand, då dei spela mot Lyngbø 2 på Husnes i dag.  Etter 7-0 ved pause putta dei på ytterlegare 9 mål i 2.omgang slik at sluttresultatet vart 16-0.  Trio tar dermed ferie på toppen av tabellen.
Sondre Myklebust kom inn som innbytar etter vel 50 minutt, og han scora sitt første seriemål for Trio då han sette inn 16-0 minuttet før slutt og fastsette sluttresultatet.
Marius Myklebust som til vanleg spelar på Trio, var ikkje med i denne kampen.  Dei mangla også eit par spelarar til som  til vanleg er på laget.

tid
24.06.2017
Parkering ved brua til Hauglandsheio.
Det er svært avgrensa med plass til parkering ved brua som går over til Hauglandsheio ovanfor Gravehølen.  Både turgåarar til Kalkestasjonen og vidare til Ulvanåso, og fiskarar har behov for parkering der.  Derfor er det viktig at plassen vert godt utnytta.
Bilane bør parkerast i retning langs med elva med fronten opp eller ned dalen, men dei må ikkje parkerast slik at dei er til hinder for trafikken over brua, då den er mykje brukt.  Dei første bilane må ikkje parkerast på tverrs då det reduserer mulighetene for å utnytta arealet.

tid
24.06.2017
Stortap mot Mathopen.
A-laget tapte heile 8-0 mot tabbellnabo Mathopen i heimekampen i Rosendal laurdag.  Dermed passerte Mathopen Rosendal på tabellen.  Sander S. Myklebust, Karsten A. Haugland, Torbjørn Steinsvik, Torstein Myklebust og Emil B. Berntsen var med på Rosendalslaget.

tid
24.06.2017
3 poeng til Rosendal/Trio-damene
Rosendal/Trio sitt damelag skulle i dag ha spela mot Fana 2 borte.  Motstandaren måtte trekkja seg frå kampen, og dermed vart Rosendal/Trio tilkjent siger 3-0 og 3 poeng.
Laget toppar for øyebikket tabellen i 4.divisjon, men dei kan verta forbigått av Loddefjord og Solid/Trott som har spela færre kampar.  Kampen mot Fana 2 skulle vore siste kamp i vårsesongen for Rosendal/Trio.

tid
22.06.2017
Sea King i Ulavnoso.
Det har truleg vore ei berging i Ulvanoso i dag. Ein Sea King var på plassen i 14 tida og hadde med bergingsmann. Helikopteret kom frå sør og returnerte same vegen. Det er ikkje meldt på politiloggen om at det skal vera berging i Ulvanoso. Difor er det noko uvisst kva oppdraget var.

kb
22.06.2017
Lises Krambu i P1 Hordaland.
I dag var det innslag på P! Hordaland frå Lises Krambu. Siv Fossåskaret ( frå Ålvik ) hadde ein fin samtale med den fargerike kambueigaren Inger Lise Eidsvik. Dei beste kundane er tilreisande og tuistar. Programleiaren skilda alt ho såg i detalj og Inger Lise svara godt på spørsmåla ho fekk.

kb
19.06.2017
God påmelding til Bøkkerkvelden.
Det er god påmelding til Bøkkerkvelden på laurdag, den 20. i rekkja. Det har kome lite fram at Håkon Røstbø med sine døtre skal vera med. Nyskriven tekst, JENS BØKKAR av Olaf A. Gausvik vert framført. Det er enno ledige plassar, men ver rask med påmelding. Maks 50 plassar.

kb
17.06.2017
Oddvar Myklebust frå Uskedalen i flammeinferno i Portugal.
Oddvar Myklebust frå Uskedalen saman med kona Liene måtte flykta frå huset sitt i Portugal i går kveld Flammane kom frå alle kantar. Det var eit inferno med stor fare for livet. Les meir på Afentposten. Uskedalen.no kjem tilbake med meir info når redaksjonen har fått kontakt med Myklebust.

kb
17.06.2017
Ny pers på Thomas Heggøy
Sist torsdag forbetra Thomas Myklebust Heggøy persen på 800 m med over 3 sek under Bislerr Games. Laurdag vart persen ytterlegare forbetra.med nesten eit nytt sekund til 1.49.46. Thomas er tydeleg i storform, og nærmar seg no kravet til U23VM.  Det er på 1.48.80tid
16.06.2017
Den store barnedåpen i morgon.
Soknerået ynskjer alle velkomne til gudsteneste i morgon, sundag 18. juni. 5 born skal døypast og ein reknar med det vert ei fullsett kyrkje. Det er ikkje rekord, slik vi trudde.. 4. april 1993 vart 8 born døypte i Uskedal kyrkje.

kb
Siste Nyhende
25.06.2017
Topp musikk frå start til slutt!
Den gode musikken som vart framført var hovudgrunnen til den flotte stemninga som vart skapt under bøkkerkvelden på Rød laurdag kveld.  Musikken var også ei av årsakene som Kristian Bringedal trekte fram til suksessen då han tok eit historisk tilbakeblikk.  I tillegg nemnde han menyen og at det kom folk frå alle bygder.
25.06.2017
Jens Bøkkar av Olaf Agnar Gausvik.
Til bøkkerkvelden som var på Rød 24.06.2017 hadde Olaf Agnar Gausvik skrive denne songen til tonen på Waltzing Mathilda.  Den vart urframført av drivkreftene bak bøkkerkveldane, Hallvard Johan Rød og Kristian Olav Bringdal, denne kvelden.  Vi gjengjev her teksten:
24.06.2017
Biblioteket på kaien er blitt endå finare!
Nyleg skreiv vi om mini-biblioteket på Sandakaien som Spar Uskedalen har sett opp.  På veg til jobb i går stakk eg nedom Sandakaien, og då la eg merke til at den fine vesle bibliotekshytta i Spar-fargane raudt og grønt no var blitt pynta opp med potteblomster hengande på begge sider av døra.  Det var så fint at eg syntes det fortente eit bilde på uskedalen.no.
24.06.2017
Børnes er fullt. Interesse frå fleire.
Kvinnheringen.no har i dag eit større oppslag om den store interessa som har vore for kjøp av tomtar i Børnes industriområde.  Etter at det lenge hadde vore heilt stille, eksploderte interessa for industriområdet, og no er det ikkje ledig areal att.  Det er også 4 interessentar som har søkt om tom, men som har fått avslag av denne grunn.
23.06.2017
Kven er damene med dei flotte hattane?
Gunn Mari Moberg har sendt oss dette bildet med desse flotte velkledde damene.  Særleg legg vi merke til dei flotte hovudplagga.  Biletet er teke på Sandakaien, og det er gjort før sjøbua der vart riven.  Det er brakt på det reine at det truleg er Geir Harald Nilsen som har teke bildet, men utover det reiser det seg fleire spørsmål.
23.06.2017
20 år med Bøkkerkveldar - målet er nådd.
Målet er nådd i morgon, laurdag. Årleg, berre med eit års pause, har det vore skipa til Bøkkerkveldar med jazz og program på Rød i 20 år. Med oppstart i 1996 og pause i 2011 er det jubileum i år. Den siste Bøkkerkvelden i noverande form går med andre ord av stabelen i morgon. Kom og ver med på ein minnerik kveld på Rød.
23.06.2017
Høyr Inger Lise på NRK Hordaland.
I 32 år har ho drive butikk med særpreg, Inger Lise Eidsvik.  Det starta som ein bruktbutikk, men har gjennom åra utvikla seg til attraktive Lises Krambu, og der finn du alt mogeleg, både nytt og gammalt.  Det er ein butikk som vert lagt merke til av tilreisande,  og Inger Lise seier at ho helst har få uskedelingar i kundekretsen. 
23.06.2017
Opning av Tverrelva kraftverk torsdag 29. juni.
Det vert opning av Tverrelva kraftverk torsdag 29. juni kl. 13. Det er varaordførar, Hans Inge Myrvold, som står for den offisielle opninga. Det er lagt opp til omvisning i kraftstasjonen på Haugland. Det vert samling for inviterte gjester på OSKA med informasjon og helsingar.
23.06.2017
Klatresprel og dugnad i Børsdalen på laurdag.
Tilreisande kjem frå heile verda for å klatre i fjella våre.  Derfor er det mest utruleg at vi til no ikkje har klart å få eit utandørs klatremiljø her i Uskedalen.  Dette vert det forhåpenlegvis ei endring på no.  Klatregruppa som til no har vore mest aktive innandørs, har no planar om å utvikla aktiviteten med nye tilbod også utandørs.  Laurdag er det derfor dugnad.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS