Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Artikkelserie i jule- og romjulsveka

uskedalen.no ynskjer å gjennomføra ein artikkelserie om lokale juletradisjonar. Kvar dag i jula og i romjulsveka vert det skrive ein notis som skildrar jula i Uskedalen før og no. Vi tenkjer særleg på hendingar og markeringar i manns minne og til i dag.
 
Til dette treng vi di hjelp. Det beste er om du skriv og sender på e-post til redaksjonen eller til kristian.olav.bringedal@kvinnherad.kommune.no.
 
Vedlegg med bilete er best om du sender direkte til uskedalen@knett.no.
 
Kva tenkjer vi på? Alle har sine juleminne og vi er takksame om du vil dela noko av dette med andre. Det kan mellom anna vera om julematen, julepakkar, juletreet, julebukken, julepynt ute og inne, pynta julehus, julebåten (sjå notis om yachten i Beinavikjo), julehefte og julekort med vakre motiv, julesongar, julefestar, juleselskap, juleleikar, juledagane, romjula og nyttår, juleposten, julehelsingar frå sjøfolka, Amerkabrevet, kornbandet, dyra med noko ekstra godt i jula.
 
Lista tek ikkje slutt. Men hugs: Det skal vera kort og enkelt skrive!
 
Med dette seier vi: Finn fram gode juleminne og del med alle lesarane på nettsida vår. Ver rask!
 
Artiklane kjem fortløpande under TRADISJONSSTOFF til venstre i menyen.

Kristian Olav Bringedal
Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.09.2017
Herbrand Lavik: Tunet i det blå kan no lesast på nettet.
Vi har fått inn eit godt boktips frå Olaf Agnar Gausvik.  Han melder at vi no kan  lesa Tunet i det blå av Herbrand Lavik på nettet ved å gå inn på Nasjonalbiblioteket si adresse HER.

tid
19.09.2017
Toving på Småbarnstreffet på onsdag.
I morgon, onsdag, kl.10 er det småbarnstreff i Uskedal bedehus.  Då vert det m.a. toving av ballar, - tennisballar, rangleballar, sjongleringsballar, ja, alt etter behov.  Møt opp til ei koseleg stund for små og store.
tid
19.09.2017
Kafe Tiaren 10 år i dag.
Kafe Tiaren kan i dag sjå tilbake på 10 års drift. Kafeen er open heile året og vert driven av frivillige. Tiltaket er sosialt for dei som er med og møter fram. Berit H. Døssland frå Kafe Tiaren takkar alle for velvilje og god hjelp. Meir informasjon kjem som innlegg seinare.

kb
16.09.2017
Melding om flytting av parkerte bilar i Halsane.
Kommunen har sendt alle, som bur øvst i Halsane, SMS om flytting av parkerte bilar langs vegen og på snuplassen i enden av vegen. Dette vert mellom anna gjort for å letta tilkomsten for SIM ved henting av bos. Om ikkje dette vert retta, må ein finna ny plass lenger ned i feltet for bosdunkane.

kb
16.09.2017
Trio mot 4.divisjon.
Trio har stø kurs mot 4.divisjon etter at dei vann 2-1 i bortekampen mot tabelltoar Solid i går.  dei har no ei luke på 7 poeng.  Marius Myklebust var i startoppstillinga også denne gongen, medan Sondre Myklebust sat på benken og kom inn i løpet av kampen.Andreas Torkildsen og Martin Veastad scora Trio-måla.

tid
15.09.2017
Strålende forhold på årets BC Uskedalen.
Overskrifta er henta frå nettsida til DNT Fjellsport Bergen.  Der kan vi lesa om at fjellsportarane hadde ei svært vellukka helg i Kvinnherad med Rabben Feriesenter som base tidlegare i september.  Reportasje og fine bilde finn de HER.

tid
13.09.2017
Kundetreff hos Elins Matgleder i dag kl. 18
Alle er velkomne til kundetreff i dag, torsdag, kl. 18. Det vert smaksprøver av ulike produkt og sal av interiørvarer til halv pris. Uskedalen.no vil møta fram for å laga sak på kundetreffet, - eit nytt kreativt tiltak frå Elin.

kb
13.09.2017
Rustne menn til Loyal markering i Rosendal
140 år med Galeas Loyal vert markert i Rosendal på laurdag. Tre rustne menn frå Uskedalen med Hans Gustav Mussland, Svein Rimestad og Kristian Bringedal er ein del av programmet med innslag frå kl. 14.

kb
12.09.2017
Ikkje komle og søndagsmiddag denne veka.
Denne veka er Roy Lervåg på reise så det vert ikkje komlemiddag på Oska denne torsdagen.  Det vert heller ikkje søndagsmiddag komande søndag.  Då er det eit slutta lag.Neste veke er Lervåg tilbake, og då lovar han både komle, petanque og søndagsmiddag.

tid.
11.09.2017
Tårnagentkoret øver på onsdagar kl.17.
Tåragentkontoret hadde ei veldig kjekk øving då dei starta sesongen sist onsdag.  Dei øver på onsdagar frå kl.17 til 17.50 i år, og då er det berre å koma for dei som går i 1.klasse og oppover.  Dei syng mange kjekke songar.

tid
Siste Nyhende
19.09.2017
Ny sjanse for petanque og komle.
Nyleg vart st gjort forsøk på å kombinera petanque på den nye banen på Sandakaien med komlemiddag på Oska.  Det regna formeleg vekk, for den dagen var det ei einaste lang og kraftig regnbyge. Komande torsdag vert det eit nytt forsøk på å få fart på den flotte petanque-banen med internasjonale mål som vi har fått her i bygda.
18.09.2017
Ordføraren Sjo Slettebø talar på haustfesten.

Ordførar Peder Sjo Slettebø har takka ja til å vera talar på haustfesten i unbgdomslaget laurdag 21. oktober. Dette er ei endring i høve til det som er skrive tidlegare. NRK veteranen Åshild Ulstrup ( 83 år ) er framleis aktiv som kåsør og føredragshaldar, men grunna mykje reise og mange oppdrag, bed ho seg fri oppgåva i Uskedalen denne gongen. Ordføraren er glad for å bli spurt og ser fram haustfesten i Helgheim.
18.09.2017
Oppstart av nytt barnehageår, og brannvern
Oppstart av nytt barnehageår er alltid spennande, både for små og store. Vi kjem attende til barnehagen etter ein lang ferie. Nokon barn er slutta for å byrje på skulen, andre gleder seg til å treffe igjen venner og bli kjent med nye barn, og nokon byrjar i barnehagen for aller fyrste gong. Saman med oppstart av nytt barnehageår kjem og brannvern, og brannvernveka.
18.09.2017
SPAR med tiltak for å minka matkasting.
Det er eit stort og viktig satsingsområde for Norgesgruppen at butikkane deira skal kasta så lite mat som mogeleg.  Derfor er det sett i gang fleire tiltak som m.a. gjeld alle Spar-butikkar, også Spar Uskedalen.  Verkemiddelet er ordningar med kraftig reduksjon i pris på gode ferske matvarer.
18.09.2017
Har de sett denne pusen?
Denne søte pusen er sterkt sakna av eigarane i Beinavikjo.  Den har vore vekke i ca. 1 veke, og no håpar eigarane at nokon har sett ho.  Då kan dei enten senda sms eller ringa 958 24 652.  Det er ein jentepus på ca. 1,5 år, og ho er ID-merka og chippa.  Vi håpar nokon har sett ho og kan koma med ei gladmelding.
18.09.2017
Fjellhaugen skisenter treng fleire frivillige.
Det nærmar seg ny skisesong, og forhåpentlegvis vert det flotte skiforhold i Fjellhaugen skisenter.  For å driva dette gode tilbodet, trengst det frivillige som hjelper til med drifta.  Fjellhaugen skisenter var representert på fritidsmessa laurdag for å marknadsføra det gode tilbodet og for å rekruttera frivillige.
17.09.2017
Markerte at LOYAL vart bygd for 140 år sidan.
Rustne menn frå Uskedalen var med på skutedag i Rosendal der det vart markert at det er 140 år sidan Galeas LOYAL vart bygd. Hans Gustav Mussland, Svein Rimestad og Kristian Bringedal deltok med dertil eigna sjømannssongar. Framføringa vart gjennomført vekselvis med kapteinen på STATSRAAD LEMHKUHL, Seidel, sine sjanti innslag.
17.09.2017
Fiolettgrønt i Dønhaugkjedlaren
Husnes Jazzklubb inviterte fredag kveld til ein gjennomgang av blues-/jazz-/rockhistoria frå tidleg 1900tal til vår tid, og fokuset var på kvinnelege utøvarar og musikkskaparar.  Den svenske gruppa Violet Green (and All Between) ga oss eit interessant - og til tider - tankevekkande innsyn, spekka med flotte musikalske døme.  Maria Malmsten (kjend for dei fleste) står for opplegget av vestlandsturneen til bandet.
17.09.2017
Svært vellukka fritidsmesse.
Det var god spennvidde i aktivitetstilbodet som vart presentert under fritidsmessa som vart arrangert i og rundt Kvinnherad kultursenter på laurdag.  Totalt var det rundt 30 standar, og i det nydelege veret var mange av desse utandørs.  Sjølv om vi ikkje registrerte reine Uskedalslag der, var ein god del uskedelingar aktive på standane.  Klatregruppa har også Uskedalen som sentrum for aktiviteten sin.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS