Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
Spørjeundersøking
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Uskedalen Helselag

Klikk på bilete for full storleik
Innsamlarane frå Uskedal helselag klåre for innsamling til Demensaksjonen
 
Uskedal Helselag vart stifta i 1917 og er tilknytta Nasjonalforeningen som
er ein frivillig humanitær og upolitisk organisajon.
 
  
 

Laget har 114 medlemmer og har møter på AFA  andre måndagen i månaden.
Laget yter kvart år midlar til hjarteforskning, kreftforskning og tuberkulose i
regi av Nasjonalforeningen.

 

Årlege aktivitetar er basar, bøsseinnsamling mot demens, sal av
Nasjonalforeningens hjartelodd, ' Syng med oss 'på Rosendalstunet,
fotpleiebehandling, strikking av babysokker til 'Føden' på
Stord og julegåver til pasientane ved Valen Sjukehus.

 

Uskedal Helselag gjev økonomisk midlar til lag og aktiviteter i Uskedalen, ellers i Kvinnherad og på landsbasis. I 2008 nådde pengegåvene 47.054 kroner. 

 

På foreningsmøtene prøver laget jevnleg å få inn foredragshaldarar som
fortel om aktuelle saker av interesse for medlemmene i laget.

Helselaget ynskjer fleire aktive medlemmer, som vil vera med i eit meiningsfylt arbeid.

 

Vil du vera  med i laget, er du hjarteleg velkomen.

Ta kontakt: Selma Eik tlf nr: 53 48 64 25

 

Styret i 2009 er samansett slik:
Leiar : Selma Eik
Nestleiar : Berit H. Myklebust
Kasserar : Hilda Guddal
Skrivar : Inger Moberg
Styremedlem : Margit Eik

Varamedlemmer: Martha Bakke og Berit Harriet Døssland.

 
Klikk på bilete for full storleik
Styret i 2009: Foran sit Berit H. Myklebust, Selma Eik og Inger Moberg. Bak står Margit Eik, Berit Harriet Døssland, Hilda Guddal og Martha Bakke.
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Uskedeling med storverk om fjordabåtane
Les meir[31.07.2010]

Internasjonalt på Sandakaien
Les meir[31.07.2010]

Tagging på Skorpetrollet
Les meir[31.07.2010]

Kantslått også om natta
Les meir[30.07.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS