Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
Spørjeundersøking
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Røysterett for Alle - 20 år i 2008

Klikk på bilete for full storleik
RØYSTERETT FOR ALLE våren 2008
 
Klikk på bilete for full storleik

RØYSTERETT FOR ALLE er eit blanda kor heimehøyrande i Uskedalen.

Koret har aktive medlemmer frå bygdene på strekningen Rosendal – Sunde. I dette året tel koret 38 songarar.

Det heile tok til med eit lite kor som song på kulturprisutdelinga til Bjørgulf Eik i desember 1987.

 

RØYSTERETT FOR ALLE vart formelt skipa i januar 1988.

Ideen vart til røyndom: Å få skipa eit songlag i Uskedalen slik vi hadde det frå 1912 – 1940 - den gongen med lærar Andreas Haugland som dirigent.

Det var Svein Rimestad som hadde framlegget til det særmerkte namnet.

 

Mange har merka seg det artige namnet med den doble tydinga - folkekravet om røysterett og det at alle syng med sin nebb.

Kristian Bringedal var dirigent dei fyrste åra. Seinare har koret kjøpt dirigenttjeneste gjennom Kvinnherad Musikkskule.

 

Den musikalske leiaren i koret er for tida Maria Malmsten. Koret er svært aktive med songarstemne, julekonsertar og song på aldersheimar, institusjonar og ellers på tilskipingar av ulike slag.

 

Vi var på ein utanlandstur i mars 2002. då vi besøkte Edinburgh og Arberdeen. Der vi hadde ein framifrå konsert i ST. Giles Cathedral , Edinburgh.

 

Av større prosjekt saman med andre kor, korps og orkester må vi særleg nemna :

 

• Elvis

• Brazz Brør

• Askeoppkok

• Hanne Krogh-konsert

• Kor Ti

• Bytunets Antikvariske Jazzenseble

• Diverse Musicals

• Alf Prøysen

• Evert Taube

* Jakob Sande

 

I jubileumsåret 2008 var det  ein hektisk vår, med øvingar til jubileumsframsyninga i Kulturhuset Husnes. Denne gjekk av stabelen med velfylt sal (iallfall etter vår meining) variert og vellukka meny og avvikling.

 

Etter jubileumskonsertenen var vi ein tur i Latvia (langhelg) der både sightseeing, framføringar og kontakt med eit lokalt kor utanfor Riga sto på programmet.

Kontakten med koret kan verta fruktbar, men det lyt vi koma attende til når vi kan verta meir konkrete.

 

Hausten ser og ut til å verta travel, der vi saman med Rosendal Songlag (125 år i år) jobbar med 'Mariamusikk'. Det vert to konsertar i Kvinnherad kyrkje 30. november.

 

Vi øvar kvar torsdag frå kl. 19.00 – 21.30 i Bringedalsbygda skule, Herøysundet.

 

Vi legg stor vekt på at alle skal trivast i eit musikalsk felleskap og legg difor vekt på at det er fin jamvekt  mellom eigenutvikling og det å ha det gildt saman .

 

Kan dette vera noko for deg?

Ynskjer du å nytta røysteretten din?

Ta kontakt  med leiar (Svein Rimestad, Uskedalen).

 

Du er hjarteleg velkomen i

RØYSTERETT FOR ALLE.

Styret. 

 
 

STYRET I 2008:

Leiar:

Svein Rimestad. 

Telefon: 53 48 63 08 Mob.: 911 09 868

E-post: svein.rimestad@knett.no

 

Nestleiar:

Steinar Naterstad, Herøysund

Telefon: 53 48 64 05 Mob.: 924 92 384

 

Skrivar:

Anne Bogegård, Herøysund

Telefon: 53 48 81 55/48 17 01 63

 

Kasserar:

Oddveig Blomdal Rørvik, Herøysund

Telefon: 53 48 64 70

 

Styremedlem:

Venke Vetrhus, Uskedalen

Telefon: 53 48 6351

 
 
 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Koret utanfor kulturhuset i Valmiera, Latvia, i april 2008. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Uskedeling med storverk om fjordabåtane
Les meir[31.07.2010]

Internasjonalt på Sandakaien
Les meir[31.07.2010]

Tagging på Skorpetrollet
Les meir[31.07.2010]

Kantslått også om natta
Les meir[30.07.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS