Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Historiske tilbakemeldingar på uskedalen.no

Her vil du finne innlegg frå lesarane. Har du noko på hjarta, så er det berre til å senda inn. Det set vi stor pris på.
 

Om du vil senda inn innlegg, så trykk her.

 
Aurefangst i Uskedalselva (Foto: Knut Petter Hagen Thorsen).

Buss-skur her og der

Kvifor kan ikkje Uskedalen få like mange buss-skur som til dømes Rosendal? Dei har buss-skur på kvar stoppestad, til og med bygd i flott jondalsstein. Og attpåtil har dei fått ein million berre til å pynta på bygdo. Vi sku hatt eit baroni i Uskedalen og!

 

Irritert lesar frå Uskedalen

 

'''''''''

 

Ei helsing frå Gudbrandsdalen

 

Som redaktør i Gudbrandsdølen Dagningen (GD) har eg samarbeidd med Ola Matti i mange år. Han var ein av dei mest produktive medarbeidarar avisa nokon gong har hatt. Og ein av dei mest respekterte. Det er ikkje mange i Lillehammer og Gudbrandsdalen som ikkje kjenner namnet \'Matti\'. Etter at han flytte frå Lillehammer har han altså vorte uskedøl. Det må vere ei stor lukke for bygda dykkar! Maken til heimside på nettet finst ikkje i heile Noreg! Lukke til vidare med ei utruleg bra nettside!

 

kristian skullerud

 

***

 

Til dei som går på tur med hundar

 

Ver so gjild og ta med etterlatenskapen til hundane, det er liten vits å ta det opp i posar og la det stå igjen i vegkanten, det forsvinn ikkje! Det er mange barn som leikar i Halsane og det er ikkje so kjekt at dei kjem heim og luktar hundeskit.

 

Glad i hundar

 

***

 

Historia om ein bil

 

Eit lite apropos til oksebiletet: Den gamle Chevroleten som kan skimtast på biletet var i far (Arne K. Hansen, Stord) si eige på byrjinga av sekstitalet. Han kjøpte den av skomakaren som heldt til ovafor det gamle samyrkelaget. Etterat han selde den vidare køyrde den av vegen på Tveitakrysset her på Stord og brann diverre opp. Eg trur at vraket vart vidareselt til ein tysnesing.

 

Jørn Gunnar Furdal Hansen

 

***

 

Begeistra for elva

 

Takker for et fint nettsted. Jeg er ivrig sportsfisker. Uskedalselva står øverst på lista i Hardanger. Fantastisk natur og gode forhold for fiske. Da jeg så bildet fra Djupehølen steg fiskefeberen.  Jeg kan desverre ikke reise til elva før omkring 20. juli. Håper på samme vannføring som omkring 20. juni.

 

Knut Petter Hagen Thorsen

 

***

Innrapportering og bilete til uskedalen.no

 

Det er fint at mange fangstane i Uskedalselva vert meldt inn til Uskedalen.no, men det hadde vore flott om de skriv kva reiskap fiskane er tekne på (makk, sluk, floge....)

 

Frode

 

***

 

Fiske 15.06.2008.

 

Eg fekk to aurar. Ein på 2.3 kg og ein på 1.3 kg. Den fyrste fekk eg kl 02.25 og den andre kl 15.30. Den fyrste i Vangshølen og den andre nett nedanom.
Kona mi var på sin fyrste fisketur i elv nokon gong, ho heiter Sandra. ho hadde fiska 10 minuttar i Vangshølen då ho fekk ein laks på som vog 3.8 kg. den vart tatt kl 02.40.

 

Sigbjørn Røysland

 

***

 

Stor og velfortent ros

 

Nok ein gong fortener Aktivitetshusets Damevenner både applaus og ein stor bukett roser.
Nok ein gong har dei stått bak eit stort og velsmurt arrangement i bygda vår.
Nok ein gong viste dei spennande utvikling gjennom fantastiske nyskapingar som \'Hopp i havet\' og andeløp.
Nok ein gong har dei sett Uskedalen på kartet på ein positiv måte. Eit stort og imponerande arbeid, gjennomført av eit velsmurt maskineri, ligg bak.
Mange gjorde ein innsats og alle fortener takk for innsatsen. Dette var ein toppdag. Ikkje rart det krydde av folk, - ein stor del av dei tilreisande.

Mange takk!

 

På vegne av mange, Thor Inge.

 

***

 

Parkering i Halsabrotet

 

Til alle som parkerer bilen i øvre Halsabrotet: Dette er ein snuplass og ikkje ein parkeringsplass! Så til alle: Parker ved leikeplassen! Hvis snuplassen er fylt med bilar nektar SIM å henta bosset.

 

Bengt Myklebust

 

***

 
 

La containaren stå!

 

La bildet av bosscontaineren bli stående på siden, til skrekk og advarsel. Nu har vi anledningen til å samle bosset på et sted, og så håper jeg at containeren i båthavnen blir brukt av 'de' den er tiltenkt. Ha en fin sommer!

 

Knut Hertzberg Lie

 

Svanene i hamna

 

Svanene i hamna, som uskedalen.no skriv om, treng sikkert ingen vask. Dei er berre eitt år gamle, så dei blir nok 'reine' i løpet av sommaren. Så dette ordnar naturen sjølv.

 

Egil Høgemark

 

* * *

 

Umuleg å få skattehjelp

 

Hadde det ikkje vore for Frokost-TV i NRK, som har ein god spalte med opplysningar om utfylling av Sjølvmeldinga, hadde det vore lita munnleg hjelp om eventuelle uklare ting.

 

Oppå sjølvmeldingsskjemaet er det oppgitt eit telefonnummer til likningskontoret. Ringjer du der, får du til svar at skatteetaten har skifta nummer - kvifor skifta no i innspurten? Det nye nummeret er 800.

 

Eg har ringt 800 omtrent 20 gonger. Først ringjing, så ringjetonen broten. Her er det ikkje snakk om å slå 1,2,3 eller 4 som ofte det offentlege har. Har ikkje skatteetaten råd til personale i desse dagar?

 

Eit tredje nummer eg ringde, var også umuleg å koma gjennom.

 

Vanskeleg med hjelp, men pengane våre vil dei ha....

 

Torfinn Myklebust

 

Takk for konfirmantfest

 

Jeg vil på vegne av konfirmantene og foreldrene takke for den flotte festen som ble arrangert i bedehuset fredag 18. april.

Flott oppdekning, god underholdning fra Lundeneset videregående skole i Ølen og deilig mat gjorde at både konfirmanter og foreldre lot til å kose seg storvegs!

Takk til de som arrangerte dette.

 

Erlend Moen

 

Bosscontainer for hyttene

 

Så er nok en gang bosscontaineren flyttet, uten at vi hyttefolket fikk beskjed. Denne gang er den flyttet langt fra hyttene. Kommunen/Sim kan ikke mene at vi skal kjøre langt avsted for å kaste boss og samtidig skal vi betale renovasjonsavgift?

Hva med å ha lås på container og la hyttefolket få nøkkel?

 

Randi og Hans Landa

 

Tollekniv funne i snøen

 

 Sundag var vi på tur frå Storhaug til Fjelly. Mellom Vidar si hytte og Pål si hytte på vestsida av Mannsvatnet fann vi ein tollekniv i snøen, beltefestet til slira hadde slitna av. Dei som hadde mista kniven kan få han att ved å ringa 534 86264 - Nelly Kjærland.

 

Ros til Matti og konemor!

 

Eg, og mange med meg, er storleg imponert over alt arbeid Ola Matti  gjer for Uskedalssida. Det er utruleg kor mykje arbeid ein pensjonist legg ned for bygda vår. Dette hadde vel ikkje gått utan godvilje frå  din betre halvdel Anne Margrethe. Dykk har verkeleg fått  Uskedalen på kartet, på ein særs positiv måte.

Og for dei som lurar; eg har gått utanom Matti denne gongen for å få det inn på sida.

 

Med helsing frå

Arne Terje Haugland

 

**

 

Børnes - midt i seilingsleia!

 

Snøggrutestopp i Herøysund eller på Børnes? Valet bør vera enkelt, for Børnes ligg midt i seilingsleia slik Uskedalen også gjorde det i dei gode, gamle dagar med skipsanløp.

 

Arne Terje Haugland

 

**

 

Gamle minne dukkar fram når eg les Uskedalen no. si side.


Grunnen er at eg i det historiske året 1945 var gardsdreng hos det kjekke og snille ekteparet Othilie og Kristian Bringedal.


Med helsing

Magnus Sangolt ( på Sotra ).

 

**

 

Bruk refleks!

 

Eg vil hermed oppfordra vaksne og unge til å ta på seg refleks. då vi køyrde forbi syklistar utan både lys og refleks.

 

Audhild Lie

 

**

Frå barneskule til ungdomsskule

 

Det vil alltid vera ein overgang for elevar å skifta frå eit skuleslag til eit anna. Heldigvis skiftar dei til noko som for dei fleste er nytt og spennande. Likevel kan alltid skiftet opplevast tungt for nokre. Derfor er det positivt at FAU ved Uskedalen oppvekstsenter ønskjer å bidra til at overgangen frå barneskule til ungdomsskule skal vera så grei som mogeleg for elevar og foreldre.

 

Eg reagerer likevel på at temaet vert kjørt så sterkt fram i media. Det er lett for at ein får inntrykk av at dette problemet er spesielt, og større, for elevar som kjem frå vår bygd. Eg tør å påstå at det ikkje er tilfelle. Kanskje tvert i mot! Dette byggjer eg på eigne erfaringar, og på reaksjonar eg har høyrt frå andre ungdomsskuleforeldre siste tida.

 

Uskedal skule gjev ei god førebuing slik at elevane kan ta steget over i ungdomsskulen. Det vert arbeidd etter svært gode arbeidsplanar der det vert lagt vekt på grunnleggjande og utviklande kunnskapar.

Arbeidsplanarbeidet gjer elevane godt førebudde på arbeidsmåtane som møter dei på ungdomsskulen. I nokre samanhengar er eg svært imponert over både det faglege og det pedagogiske nivået på arbeidet. Arbeidet er godt tilrettelagt, men det er sjølvsagt viktig at vi som foreldre har oppfølgjingsansvar. Det er trass alt vi som slit med hovudansvaret på dette området.

 

Vi veit og at elevmateriellet kan vera svært skiftande frå år til år.

 

Sjølv om skulen gjer ein god jobb, er det viktig at FAU gjev sine bidrag til å førebu både elevar, og ikkje minst foreldregruppa. Mellom anna er berre det å bli vurdert med karakterar ein stor overgang. Det har ikkje barneskulen tilgang til å gjera. Karaktervurdering kan vera brutal for enkelte. Ein karakter på nedre del av skalaen kan vera resultat av god arbeidsinnsats, Det er viktig å vera klar over at karakterskalaen ikkje berre går frå 4 til 6, men faktisk frå 1 til 6. Eg nemner dette fordi den store skilnaden i vurderingsform lett kan gje misforståingar og misnøye på sviktande grunnlag.

 

Dette er berre nokre synspunkt som eg ønskte å få fram, for eg veit at mange deler mi oppfatning, men det har ikkje kome tydeleg fram. Eg trur og FAU og tilsette gjennom 'internt' samarbeid kanskje kan gjera overgangen endå betre.

 

Thor Inge Døssland

 
 

**

 

Porten til Hardanger

 

Eg har i lengre tid undra meg på kor grensa mellom Sunnhordland og Hardanger går. Kvinnherad er for meg todelt, men eg er usikker på kor skiljet er. Sånn sett var det veldig kjekt å kunna lesa mottoet til Uskedalen.

 

I og med at det står på nettstaden at det er eit historisk skilje i Uskedalen, så hadde eg sett stor pris på å vita historia, eventuelt kor eg kan finna historia.

 

Eg kan i samme stund nemna at i fylgje Bergens Tidende (om arbeidsløysa, finans osb) for eit par veker sidan, er Kvinnherad ikkje ein del av Sunnhordland.

 

Besthels

Liv Signe i Rosendal.

 

**

 

Søppelcontainar

 

Synest at det må vera eit mål at me skal ha ei best mogeleg innsamling av alt søppel.

Det vert difor feil å truga med fjerning av containar, det kan resultera i at søppel vert deponert ute i  naturen og langs vegane.

Oppmodar SIM om å vera løysningsorientert og ta kontakt med bygdalag eller dei områda der det er eit problem.

Me bør kanskje sjå på ordninga. kanskje plassera fleire containarar på sentrale, funksjonelle plassar.

 

Øyvind Hardeland.

 

**

 

Kjempefin side

 

Kan berre sei meg enig i at dette er ei kjempefin side. Helsing til alle kjente i Kvinnherad og ei spesiell helsing til H.G. i Kina.

 

Guro J.M. Berthelsen

 

**

 

Søppelcontaineren på Børneset

 

Tror Odd Rune Ersland i SIM at det å fjerne containeren på Børneset vil løse problemet? Folk må bli kvitt søppelet, container eller ikke container. problemet vil bare flyttes til busslommer og rasteplasser. Vi betaler 800-900 kroner i året for et lite 'boss-spann' med grønt lokk. Tømming en gang i måneden. Ikke spesielt festlig om sommeren med fisk/skalldyr-rester i en herlig blanding med spyfluer.

 

Så i steden for å true med fjerning av hytte-container bør den plasseres der hyttefolket ferdes, som for eksmepel ved butikk eller bensinstasjon. Ikke alle har bil, og slett ikke alle er i stand til å klatre opp en høy stige på kaien på Børneset, men alle må ha brød og bensin til 'påhenger'en'. Ta en tur på lavvann og prøv selv, med en bosspose i hver neve.

 

Misbruk av fastboende begrenser seg kanskje noe om containeren plasseres på et sentralt sted.

 

Knut Hertzberg Lie

 
 

**

 

Kjempefin nettside

 

Hei!
Må sende litt ros for ei kjempefin nettside. Det er blitt fast rutine å ta en tur innom hver dag. Imponerende at dere klarer å produsere flotte nyheter hver dag.
På denne måten blir det lett å holde seg orientert om hva som rører seg i heimbygda
Leiv Olav Sunde

 
 

**

 

Flott heimeside

 

En liten hilsen fra en utflytt uskedeling som nå bor i Larvik. Flott side dere har med mye lokalstoff.

 

Reidunn Myklebust

 
 

** 

 

Helsing frå Skjåk

 

Vil berre sei takk for ei fin heimeside. Eg har stor glede av å klikka meg inn på den kvar gong eg er inne og les nytt i Kvinnheringen.

 

Helsing Bente Aamodt, Skjåk

 

**

 

Fin heimeside

 

Må sende litt ros for eii kjempefin heimeside. Det er blitt fast rutine å ta en tur innom hver dag. Imponerende at dere klarer å produsere flotte nyheter hver dag.

 

På denne måten blir det lett å holde seg orientert om hva som rører seg i heimbygda.

 

Helsing til alle kjente.

 

Leiv Olav Sunde

 

**

 

IKKJE TROMSØPALME, MEN KJEMPEBJØNNKJEKS?

 

Til palmepolitiet

 

Jeg tror at Uskedalspalmen er kjempebjønnkjeks, ikke tromsøpalme. Se lenken nedenfor. Men den er like slem og kan gjerne lukes vekk for det. Vi har flere mellom hyttene på Neset.

 

Hilsen Dag Hermansen

 

http://gammel.planteforsk.no/doku-

menter/gronn_kunnskap_e/GKe_vol8_111_kjempebjonnkjeks.pdf

 

**

 

GOD HEIMESIDE

 

Eg anbefaler alle om om ta ein tur innom heimesida til Uskedalen Oppvekstsenter. Der er mykje godt og interessant stoff, i bilde og tekst, om skulekvardagen til uskedalselevane.

De kan gå inn via Uskedalslenkjer her på uskedalen.no

 

Thor Inge

 

**

 

KONFIRMANTKULLA

 

Ser på uskedalen.no at De etterlyser kva tid det var stort konfirmantkull i Uskedalen. Eg vart konfirmert i Uskedalen kyrkje 25. april 1971 og då var vi 21 konfirmantar.

Takker for fin side som eg er innom dagleg.

Helsar og til alle som eg vart konfirmert saman med.

 

Helsing Inger Johanne Rød Vågen

 

**

 

ULVEN HAR NOS

'De mærkeligste Fjelde ere: Ulvenaasen og Englafjeld ' skriv presten P. H. Hertzberg i Budstikken nr 21 frå 1820.
Søren Feet rima om 'Ulvanåso med snøgåso på', medan Ragnvald Vaage dramatiserer på denne måten:
' Slengd opp or avgrunnen
ein gong i æsande opphavsmorgon
står det ein stortind mot himmelråsa,
beingrå, naken og bratt som veggen
flerrar han skyhavet: Ulvenosa.'
I storverket 'Norge' frå Cappelens forlag, har det same fjellet fått namnet 'Ulvenåso'.
Er det rart at det vert vanskeleg når uskedelingane skal laga skilt som syner veg til fjells?

Vi skjønar godt kva for eit fjell det gjeld. Har du gått over Halsane, rasta ved Kjeldhaug og vendt blikket mot fjellmassiva på andre sida av dalen, har du tydeleg sett ulvehovudet med øyro spissa mot himmelen og den fint forma nasen snusande mot Englafjell. Men kven kan vera skråsikker på korleis namnet verkeleg bør skrivast?

Slår vi opp i ei nynorsk ordbok, finn vi ikkje ordet nås. Men både i ordbøker og leksika kan du slå opp på nos som kan ha to tydingar, enten nase, eller bratt, framspringande høgd på eit fjell. Dette ordet skal uttalast med open o (å). Vegnamnet Skorane i Korsneset vert uttala slik. Lukka o har vi i ord og som.

Ut frå dette, er det naturleg for Ragnvald Vaage som skriv eit reindyrka nynorsk, å bruka forma Ulvenosa, men det glir ikkje godt inn i dialekten vår der hokjønnsord sluttar på o i bunden form.
Osingane har hatt same problemet. I min barndom heitte kommunesenteret Osøyri, i dag skrivst det Osøyro. Dialektforma er altså teken i skriftleg bruk.

Skulle vi så kombinera dialekt og nynorsk, skulle kanskje skrivemåten vore Ulvanoso, men då blir skriftbildet rart.

No får ein med norsk og dialektar som fag, koma med det forløysande ordet.

Olaf Agnar Gausvik

 
 

**

 

Ulvanåso!

Det heiter Ulvanåso i store deler av kommunen. Fjellet er synleg frå mange nabokommunar, ikkje alle veit namnet men fleire brukar også nåso-namnet. Korleis det reint ortografisk skal skrivast er ei anna sak, men med dei noverande retningslinene frå Språkrådet er det ingen grunn til ikkje også skriva namnet som Ulvanåso!

Dag E. Helland

 

**

 

Stadsnamn

Då eg skreiv oppgåve om stadnamn på Døssland på gymnaset oppdaga eg at stadnamn kjem til på grunn av eit praktisk behov. Ein har eit behov for å meddela andre kvar sauene går, kvar det er blåbær å finna, eller kvar i elva fisken står. Når behovet forsvinn, til dømes fordi ein ikkje lenger har sauer i utmarka, så forsvinn stadnamna. Av den grunn skulle ein tru at ein har eit reint pragmatisk tilhøve til stadnamn, og det skulle eigentleg ikkje ha noko å seia om det heiter Ulvanåso, Ulvanosa etc. Men straks eg las at det kunne vera tvil om namnet på dette ruvande fjellet, kjende eg eit engasjement på grensa til raseri! Det kan ikkje vera tvil om at fjellet heiter Ulvanåso! Årsaka til engasjementet er nok eg òg oppdaga då eg skreiv oppgåva på gymnaset at stadnamn har ein funksjon utover det reint praktiske. Dei er rett og slett ein del av vår identitet. Dette gjeld sjølvsagt i mindre grad Skreo eller Kleshølen en Ulavnåso, som er sjølve det geografiske mer ket på Uskedalen. Men likevel trur eg engasjementet ville ha vorte vekt dersom noko ville hevda eg var vaksen opp i Skrea eller heile somrane bada i Kleshølo. Og kanskje kan slikt vekkja eit større engasjement i dag enn då eg vaks opp på 70-talet. For då var Døssland nesten heile verda. Vi sykla ikkje ein gong ned til sjøen for å bada, for det var å kryssa ei grense for vår del av verda. I dag har alle, barn som store, verda tett inn på livet. Ein treng ikkje reisa til Husnes for å kjøpa musikk men lastar den ned frå ei kinesisk nettside. Via nettet kan ein kjøpa sin sjokolade direkte frå Winters i De la grand Rue i Strasbourg. Eller ein kan kommunisera med andre ihuga flogefiskarar gjennom pc-en. Når verda vert så stor må ein ha eit ankerfeste for ikkje å driva endelaust rundt på det store havet. Eit slikt ankerfeste vert det lokale. Og difor vert eg rasande når nokon kan finna på å føreslå at Ulvanåso kan heita Ulvanosa. Ein bokstav eller to frå eller til er ikkje poenget - det er meg og min identitet det gjeld

Jørn Øyrehagen Sunde

**

 

Månadens ros!:)

Vi har to jenter som skal begynne på Uskedalen skule etter påske. I den anledning vil eg gjerne få gitt månadens ros til elevar og lærarar i 2. og 5. klasse der. Jentene våre har fått helsingar frå kvar elev i klassane, der dei fortel litt om seg sjøl, og kor mykje dei gledar seg! Dette syns eg var kjempeflott gjort:) For når jentene veit litt om kva/kven som ventar dei, er det ikkje så skummelt lenger å begynne på ny skule. Dei gledar seg faktisk masse:)

Helsing
snart uskedøling igjen:)

Randi Nybakk

 

**

 

Hei..
Vill sende en hilsen till dere i Uskedalen...Kjekkt og koma inn här å lesa litt bygda nytt, når hjemmlengselen blir stor...
Janne i Sverige...:)

 

**

 

Hei der borte i Uskedalen.
Det er veldig hyggelig å gå inn på Uskedalen.no og se hva som skjer der vestpå. For meg som har besøkt bygda flere ganger og som er sjarmert av både dalen og folka, er det ekstra stas å følge med i nettavisa. Da blir jeg også oppdatert på hva den 'populære, utflytta finskogingen' holder på med, og Uskedalen kommer på den måten litt nærmere Lillehammer Lykke til med avisa og ha en flott vinter/vår.

Anne-Gine Kristiansen

 

**

 

Gratulerar med fin heimeside!
Ser at lesertalet nå ser ut til å stabilisere seg på over 400 leserar. Det syner behovet og interessa for dette fine tiltaket.
Lillehammer 10 jan 2007
Jarle

 

**

 

Helsing frå Gaular.

Eg er utflytta Uskedøling til Skilbrei i Gaular.Eg må sei at eg er kjempeimponert øve nettsida dåke har fått til. Da er so kjekt å lesa alt da som de har å fortelja, og alle dei fine bileta som er frå bygdo. Eg driv utstrakt reklame i Sunnfjord for Uskedalen ved å ta arbeidskollegaer med på ei 'vandring' i Uskedalen. Kjekt å logga seg på nettet for så å finna nyhende frå heimbygdo. Ikkje eingong Førde som no er byen for meg kan vise til slik ei fin og informativ side. Lykke til med arbeidet. Så vil eg helsa til alle kjende i bygdo. Godt nyttår til dåke alle.

Helsing Marthe Hauge Aase.

 

**

Julehelsing

 

Me vil ønska alle kjente i Uskedal ei gild julehelg og et godt nyttår.Ser fram mot ein ny sesong inne hjå dokke
Hilsen Tove og Egil Høgemark

 

**

 
Hei!   Ser at det er interesse for å vita kva fly det er som er avbilda. Flyet er av typen Hansa Brandenburg W.33. Eit tysk rekognoseringsfly, konstruert i 1917. Desse flya vart nytta av Marinens Flyvevesen her i Norge. Flya vart lisensproduserte i marinen sin flyfabrikk i Horten. I alt 24 fly av denne typen vart produsert, i tillegg kom 6 fly frå Hærens Flyvevesen.Dei fleste av flya var utstyrte med ein 260 hk Mercedes motor. Vengespenn 15,7 meter og lengde 11 meter. Maks fart var 160 km/t. Det første flyet gjekk på vengene i september 1921 og dei siste flya vart stilt i reserve i 1933. Personane på bildet er dessverre ukjende for meg.   Mvh Thoralf Gjuvsland Rosendal  

Denne informasjonen er lagt inn på rett side, historisk stoff,  men eg synes det er så flott å få slik respons, at vi må leggje den her også. Tusen takk! -uskedalen.no

 

** 

 

Ei helsing frå Kanada

 

Eg er glad for det har blitt nytt liv i Uskedalen.no. Då eg vaks opp i Uskedalen kjende eg kvar einaste person i dalen for eg vikarierte som postmann for Fritjof Sunde ein sommar og leverte post like til Fjellandsbølet på ein gamal sykkel. Etter at eg hadde blitt utdanna av Anna Omvik, Holte'n og Peder Kjærland flytta eg til Bergen for å gå på Gymnaset. Etter militer teneste i Nord Norge og tre år på BTS reiste eg til Kanada i 1968 og det er grunnen for at data maskinen ikkje 'snakkar Norsk'. (har gått over å skreve inn æøå. red.)
Eg vaks opp i Kleivadalen og hadde Gustaven som nabo. 45 år seinare er eg er framleis takksam for det som eg lærde frå Gustaven.
I dag er det er rart å lesa nyheter frå Uskedalen for eg kjenner ikkje mesteparten av namna. I mine dagar var det for det meste Josnes, Rød, Arnesen, Myklebust, Sunde, Feet, Eik, Døssland, Bringedal, Eidsvik, Kjærland, Bjelland, Wang og Mussland. Etter 38 år med engelsk som dagleg tale og lite høve til å snakka norsk, eg håpar eg at folk flest forstår engelsk/norsk.

 

Knut Gausvik

 

**

 

Takk for fin side

 

Det er fint å sitte i Trondheim å følge med på de store og små ting som skjer i Uskedalen.
Finn Guddal går forann med et godt tiltak som refleksvester til de minst i heimbygda.
Takk til Matti og alle de andre som er med på å få dette til å bli ei fin side.

 

Grete Yri Auestad

 

**

 

Kjempeflott side!

 

Eg vil gjerne få sei at uskedalen.no er ei flott side. Som utflytta uskedøling er det veldig kjekt å kunne gå inn her og holde seg oppdatert på kva som skjer på 'gamle trakter'.
Sender ei helsing til alle kjente som er innom her, og då spesielt til mamma og pappa som kjem på besøk til oss til helga. Vi gler oss masse:)

 

Randi Myklebust Nybakk

 

**

Ei lita helsing fra Kina.

 

Takk for god og fin reklame for Uskedalen. Kjekt for ein utestasjonert aa lesa godt stoff om heimbygda. Vi maa ta godt vare paa Matti.
Moro aa registrera at songkoret fortsatt er i god utvikling.Takk ogsaa for fine bilder fraa dalen

 

Hans Gustav Mussland

 
 

**

 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
12.10.2019
Berre 15 ledige billettar til haustfesten i ungdomslaget.
Det er uvanleg god påmelding til haustfesten i ungdomslaget neste laurdag. Ei veke før er det berre 15 ledige billettar. Alt ligg til rettes for ein kjempefest slik vi hugsar det frå glanstida i Uskedal Ungdomslag. Ver rask og send påmelding til Rigmor Rasmussen ( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
12.10.2019
Kom og ver med som bøsseberar på TV aksjonen.
Helene Bjørnebøle er rodeleiar i år også. Innsamlinga går mellom kl. 16 og kl. 18, sundag 20. oktober. Meld frå om du kan vera bøsseberar på mobil: 971 56 309. Det er trong for 15 bøsseberarar. Frammøteplassen for bøsseberarane er Uskedal skule.

kb
10.10.2019
THK stifitnga med innsamling til Ukraina.
THK-stiftinga hjelper fattige i Ukraina. Stiftinga har eige lager i Uskedalen
Vi samlar kontinuerleg inn brukte klede, sko, sportsutstyr, sengkle, tepper, gardiner, leiker m.m. Det er for tida stor trong for sko til born og vaksne. Ring tlf nr 97147851 for avtale om levering. Kr. 50.- pr sekk i transportstøtte. Les meir på: WWW.thk.no

Tormod Myklebust
10.10.2019
Er du interessert i tur til Bayern, sept. 2020.
Det er 12 ledige plassar til 7 dagars turen frå Haugesund til Bayern i Tyskland, september 2020. Turen går mellom anna til heimplassen til Siggi Klemm, som mange kjenner frå mange år med turgrupper frå Tyskland til Uskedalen. Dersom du vil vita meir om turen, kan du ta kontakt med Tove Høgemark eller møta henne i Uskedalen i helga. Mobilen hennar er: 996 19 340.

kb
10.10.2019
Kreftkafe i Gamleskulen, tysdag 5. nov. kl. 18.
Uskedal Helselag inviterer til Kreftkafe i Gamleskulen tysdag 5. november kl. 18. Aud Sørheim Myklebust vert med og fortel frå sitt liv med kreft. Marit Sjøwangen frå Kvinnherad komunne svarar på spørsmål. Det vert tid til prat, kaffi og noko å bita i. Kreftkafeen er open for alle interesserte.

Styret
09.10.2019
Vassbrot i Korsneset Nord.
Vassverket melder om vassbrot i Korsneset Nord. Ein brukar er utan vatn. Vassbrotet er berre delvis lokalisert. Det vert iverksett arbeid med utbetring i morgon, torsdag 10. oktober.

kb
07.10.2019
Salmekveld i Uskedal kyrkje måndag 14. oktober.
Soknerådet saman med kantor Eva Megyesi og kyrkjekoret Nordsaang skipar til konsert og salmekveld i kyrkja neste måndag, 14. oktober kl. 19. Salmane er stort sett henta frå kap. 2 i Norsk salmebok med tema: Guds stordom, Guds skaparverk og Guds omsorg. Salmekvelden har overskrifta: Frå Petter Dass til Edvard Hoem.

kb
07.10.2019
Innspel til Kommuneplanen med frist 1. november.
Fristen for å koma med innspel til samfunnsdelen i Kommuneplanen er 1. november. Det er lagt opp til ein open prosess med innspel og medverknad. Det kan gjerast mellom anna ved opne møte, ved den nye forma gjestebod og ved personlege merknader.Det vert arbeidd med å få til ope møte i regi av Uskedal Utvikling.

kb
07.10.2019
God påmelding til haustfesten i ungdomslaget.
Påmeldinga til haustfesten i ungdomslaget laurdag 19. oktober er god. Over 50 billettar er alt tinga. Maks plassar er 100. Det er to veker fram til festen. Haustfestkomiteen ynskjer påmelding til anten Rigmor Ramussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ). Festen tek til kl. 19. Frå kl. 18.30 vert det taffelmusikk og song av Rustne Menn og GLIMRAH.

kb
04.10.2019
Gutar 15 spelar heimekamp på Heio i morgon.
Gutar 15 kan syna til ein flott sesong og toppar gruppa si. I morgon spelar dei den siste heimekampen på Heio kl. 13.15. Trenar er Tommy Eidsvik. Hjelpetrenarar er Kjetil Myklebust og Endre Myklebust. Laget har to bortekampar att før endeleg status.

kb
Siste Nyhende
13.10.2019
Frå Petter Dass til Edvard Hoem - Salmekveld i Uskedal kyrkje.
Det vert ny salmekveld i Uskedal kyrkje i morgon, måndag 14. oktober kl. 19. Salmekvelden vert skipa til i regi av Uskedal sokneråd i samarbeid med kantor Eva Megyesi og kyrkjekoret Nordsaang. Overskrifta er Frå Petter Dass til Edvard Hoem, utvalde salmar frå ein tidsperiode på over 300 år.
12.10.2019
Aktivitetsdag i Hallen, sundag 27. oktober.
Ingunn Vikse er tilbake i Uskedalen sundag 27.oktober. Ho vil ha to timar aktivitetsprogram i Aktivitetshuset.Det blir aktivitetar med fokus på basic styrke og puls. Vi jobbar i par, på stasjonar og åleine. Det vert lagt opp til aktivitetar på tid og i rundar. Vikse sine øvingar høver for alle. 
11.10.2019
Kvardagssoga vert fortald i Kvinnhersminne 2019.
Frå det fyrste Kvinnhesminne i 1982 til no har det kome ut 19 lokale sogeskrift i regi av Kvinnherad Sogelag. Skriftstyret med Lars Jostein Rørvik som redaktør har medvitne halde på same format og bokbunad. Kvinnhersminne kjem ut 2. kvart år, nokre gonger som temahefte, andre gonger utan den raude tråden. Nytt med hefte i år er at ungdomen slepp til. Solveig Haugland ( 20 år ) har delt ei oppgåve ho skreiv frå utdanninga si, med tittelen Korleis vart kvardagslivet i Uskedalen prega av andre verdskrigen.
10.10.2019
Usikkerhet og registrert auka fart trass fartsreduksjon.
Skilting og fartsgrenser engasjerer. Det er noko Uskedalen.no registrerer og som redaksjonen har motteke meldingar om. Farten i sentrum er 40 km/t. Dei som bur og driv næring langs Fylkesvegen har ikkje merka noko til redusert fart. Farten er den same. På Uskedalsvegen mot Steinsletto med oppheva fartsgrense utom Uskedal Bru er farten merkbart høgare. Ikkje så merkeleg så lenge bilistane trur opphevinga er til 80 km/t. Her er det heller ikkje gule striper.
09.10.2019
Mathias er 9 år - fekk 10 årsmerke i Kvinnheradløpet.
Mathias Haavik Tungesvik er 9 år og vart tildelt 10 årsmerke i Kvinnheradløpet i helga. Far hans, Kjell Harald Tungesvik, fortel at Mathias vart trilla i vogn berre 3 månader gamal for 10 år sidan. Etter det har guten vore med foreldra sine på alle løpa. Mathias saman med 6 andre frå Uskedalen var klar for 10 års merke. Det var elles gode prestasjonar av fleire uskedelingar som sprang på tid.
08.10.2019
Ølbok med inspirasjon frå Dønhaug.
Robert Smidt-Hald er kjend for mange i Uskedalen, frå konsert- og pubkveldar på Dønhaug. NRK dokumentaren Robert Smidt-Hald underveis med musikk og øl vart i store trekk produsert på Dønhaug. Han har vore tilbake mange gonger og er ein personleg ven med vertsskapet Anne Berit og Magne Huglen. Det vert boklansering og pubkveld i Dønhaugkjedlaren fredag 8. november.
08.10.2019
Kystkultur med Dag Lindebjerg i Senioruniversitetet, torsdag kl. 11.
Torsdag 10. oktober kjem Dag Lindebjerg til Kvinnherad Senioruniversitetet og Rosendal med eit program om reisene sine i norsk kystkyltur. Møtet vert halde i samfunnshuset. Dag Lindebjerg er kjend som programleiar i ei rekkje NRK-program om kystkulturen. I TV- seriane Der fartøy flyte kan, Den leiken den ville han sjå, Lysglimt i mørke, Norskekysten og Vesterhavsøyene er det båten, fyra og fiskeri som er gjennomgangstema.
07.10.2019
MK LINHOLM er flytta til Tælavåg i Sund kommune.
For ei veke sidan vart MK LINHOLM ( 52 fot ) flytta frå Beinavikjo til Tælavåg i Sund kommune. Hardangerkutteren LINHOLM, bygd i Kvinnherad 1920, kom frå Sagvåg til Uskedal Trelastlager sin kai for eit halvt år sidan. Arbeidet med renoveringa var godt i gang, men hamnetilhøva var ikkje dei beste. Vind frå nord og nordvest med slag mot kaien var årsaka til at fartyet vart flytta til Sund. Nokre ungdomar i Tælavåg var dessutan klar for å vera med på det vidare arbeidet med oppussing.
06.10.2019
Ei fagleg og kulturell oppleving i Dønhaugkjedlaren.
Vidar Haugland får det til. Sist var det Jon Fosse kveld. No var overskrifta Krim og Jazz, eller skal vi sei Krim og Blues. Ein fullsett Dønhaugkjedlar fekk ei fagleg og kulturell oppleving med innsyn i det å skriva krim på eit høgt litterært nivå. Gunnar Staalesen markerer 50 år som forfattar. Lasse Gallefoss med sin bakgrunn som journalist og dokumentarfilmskapar kom ut med si fyrste bok, Krigernes fred, i år.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS