 |

Kaotisk i sentrum på 1960-talet | | | | Vi har fått to nye ”historiske” bilete frå Harald Sætre. Dei er og tekne av han. Fotografia er frå eit stemne – truleg misjonsstemne – som vart halde i Uskedalen sommaren 1963 eller 1964. | | | Bileta viser dei kaotiske trafikktilhøva det var i sentrum på den tida. Den gamle skuleplassen vart teken i bruk som parkeringsplass når skulen var stengt, og inn- og utkøyringa skjedde gjennom to skuleportar.
| | | |
På denne tida var det mykje tilreisande arbeidsfolk i Kvinnherad, og bilen var på full fart til å bli allemannseige. Difor var det ofte trongt om parkeringsplass i sentrum då det var kinoframsyning i Helgheim, dans om laurdagen eller stemne i bygda. Og kino var det opptil tre gonger i veka. | | | | | | | | |
| |
 |