|
Den fyrste som målbar tanken om ho var Dagny Tyse, som var frå Stord og lærar i Uskedalen. Saka vart drøfta på eit lagsmøte i 1917 og ei nemnd vart vald. I den satt Jonas Våge (formann), Sigurd Dønhaug, Harald Myklebust, Peder Musland og formann i ungdomslaget den gongen, Karl Eik.
Nemnda gjorde eit godt arbeid og ikkje minst Våge gjorde ein god jobb. Han var frå Stavanger og arbeidsformann på hermetikkfabrikken i Beinavikjo. Våge samla inn pengar og fekk mellom anna alle på fabrikken til å gje ei daglønn kvar til hyttebygginga. Det var fem kroner, men mange gav sjølvsagt meir. Folk i bygda elles støtte også opp. Det kom og pengegåver frå andre bygder – og frå sommargjester frå Bergen.
Men Sjur Lote frå Haugesund gav mest. Han var arbeidsgjevar for fleire uskedelingar og ein stor avtakar av sauekjøt frå Uskedalen. Johannes Wang laga teikning og materialliste, materiala vart henta inn med skøyta Concord frå Haugesund Trelastforretning, og Wang kappa rette lengder.
Så var det ein stordugnad med å få alt til fjells. Med tunge bører kom dei heilt fram til Storhaug fyrste kvelden. Laurdagane utover sommaren i 1917 vart nytta til å få alt på plass. På Mannsvatnet vart alt lagt på flåte og drege langsmed land. Det var og Wang som leda arbeidet med å reisa hytta, men alt vart gjort av friviljuge. Skifertaket kom på plass året etter. Hellene vart køyrd til Haugland og alle som gjekk til fjells vart oppmoda om å ta med heller.
Etter krigen vart hytta ombygd, men interessa dala. Ei stund på femtitalet var interessa så liten at hytta sto til nedfalls og var ei tid like mykje ly for dyr som for menneske. Men Arne Terje Haugland gjorde ein stor innsats saman med ein god dugnadsgjeng på 1960-talet og berga storverket frå 1917. No vart det atter store flokkar som overnatta og brukte hytta.
Eit nytt stort løft var det då dei på 1970-talet bygde naust og fekk ny båt og nytt fiskeutstyr. Bjørn Ove Sunde var byggmeister for naustet.
Også i seinare år er det gjort mykje godt arbeid for å ruste opp hytta.
Av Ola Matti Mathisen
|