Dette er Uskedalen |
 | | Med utsikt frå Englafjell (Foto: Sveinung M. Pile) |
|
| |
I hjarta av Kvinnherad kommune og som porten til Hardanger ligg Uskedalen med 1.000 innbyggjarar. Bygda har det meste - frå fjord til fjell - den er eit Noreg i miniatyr. |
| |
Bygda er omskreve alt i 1366 som 'Oskudal' og i 1403 som 'Oskudalr' Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet 'Oska'. Det tyder 'ynskjeelva' - det vil seia ynskje om ei god fiskeelv.
|
| |
|
Utanfor, i Hardangerfjorden, ligg den facinerande øya Skorpo ( 234 m.o.h, merka rute til toppen). Her finn du jettegryter, hegrekoloniar - og det mystiske 'Skorpetrollet'. Godt fiske i elv og fjord
|
| |
|
Gjennom den ei mil lange dalen renn Uskedalselva, som tradisjonelt er ei framifrå sjøaureelv, men som også har ein aukande oppgang av laks. Enkelte sesongar er det fiska opptil 1.000 sjøaure med ei samla vekt på 850 kilo. Ein kan kjøpa døgnkort eller årskort på Rabben Camping, SPAR-butikken eller bensinstasjonen. Sesongen er frå 15. juni til 15. september. Dette er ei attraktiv og spanande flugefiskeelv. Beste fisketid er frå juli og ut sesongen. Fjorden lokkar med alle fiskeslag.
|
| |
|
|
| |
|
Svaret på Trollveggen Fjella i Uskedalen ruvar og kan sjåast frå alle kantar av Hordaland. Høgst er majestetiske Ulvanåso (1247 m.o.h.) som er Hordaland sitt svar på Trollveggen med 20 ulike klatreruter av varierande vanskegrad i fast og reint fjell. Det er merka fjellruter til Ulvanåso, Englafjell og Mannsvatnet/Solfjell. Rabben Camping, som ligg der elva renn ut i fjorden, har 18 store og små hytter og god plass for telt og caravanar. Leikeplass for born, båtutleige, badeplass, kiosk og TV-rom.
|
| |
|
To flotte båthamnar Uskedalen har to flotte båthamnar med dei fleste tilbod til båtturistane. Hamna til Uskedalen Båtlag, som no har 110 båtplassar, har gjesteplassar. I sanitærbygget er det dusjar, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Øyro Marina har og gjesteplassar for både store og små båtar. Her er det og plassar for telt og campingbilar nær sjø og elv. Det er leikeplass for born og sanitærbygg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel.
|
| |
|
Solheim Turiststasjon ligg i sentrum. Her er det overnattingsplass med frukost, åtte gjesterom, selskapslokale, møterom og trådlaus tilgang til internett. Dønhaug Gjestegard, som ligg høgt og fritt ovanfor sentrum, har overnattingstilbod, selskapslokaler og pub med alle rettar og kan lokka med aktivitetar som jakt, fiske, riding og låvedans. Freda offisersbustad
|
| |
|
|
| |
|
Kapteinsgården er ein freda offisersbustad frå 1700-talet, bygd i bergensk empirestil. Fransk tapet frå 1800 og ulefossovn frå 1786. Har vore gjestgiveri i over 50 år, men er no i privat eige.
|
| |
|
Bygdetunet Rød har stovehus, stabbur, smie og kvern frå 1700-talet og syner bu- og levemåte på ein kvinnheradsgard frå siste hundreåret. Saman med Dønhaugsamlinga inneheld bygdetunet meir enn 450 gjenstandar. Det er dagleg omvisning om sommaren, elles etter avtale.
|
| |
|
Nede ved fjorden, ved Storsundet, ligg ein restaurert bøkkerverkstad og ei sjøbrukssamling.
|
| |
|
Minnesteinar for to krigar Bautasteinen inntil Uskedalens permanente julegran er ein minnestein for utkommanderte i krigen 1807/1814, reist i 1914. Den er ein av dei største av sitt slag i landet.
|
| |
|
Ved stemneplassen ovanfor brua er det ein minnestein, reist i 1995, for alle som var aktive i kirgshendingane og motstandsarbeidet under siste verdskrigen.
|
| |
|
Her er det og ei minnetavle over Wilhelm Bjelland, som gav grunnen til stemneplassen vederlagsfritt og elles er kjent for dikta sine, mellom anna ein av Uskedalssongane.
|
| |
|
Revolverkanona på Myklebust kai er eit anna minne frå krigshendingane i Uskedalen i 1940, då kanona vart nytta. Den er den einaste i sitt slag i landet. Uskedal kyrkje vart bygd i 1914 etter teikningar av domkyrkjearkitekt Olaf Nordhagen og restaurert i 1963. Då vart det særeigne kuppelforma tårnet skifta ut.
|
| |
|
|
| |
|
Skulemuseum oppe i dalen Haugland gamle skule midtvegs oppe i dalen er skulemuseum for Kvinnherad. Skulen vart reist i 1893 og var fast skule for Haugland og Musland krins til 1966.
|
| |
|
Bygda har to solide bedrifter, Eidsvik Skipsbyggeri som m.a. byggjer havgåande fartøy, og Brødrene Hjønnevåg, som lagar fiskemat. Uskedalen Oppvekstsenter med skule og barnehage ligg i sentrum, i kombinasjon med Aktivitetshuset. Der er det og ei grusbane, På Heio eit lite stykke oppe i dalen ligg idrettsplassen, med grasbane for fotball og bane for friidrett. Uskedalen er også eit fristande mål for sykkelturistar.
|
| |
|
Mange tilbod og gode kommunikasjonar Uskedalen har mange tilbod, til dømes daglegvarebutikk, byggvarebutikk, bruktbutikk, frisør, velværeklinikk, bank, post i butikk, bensinstasjon og bilverkstad.
|
| |
|
Bygda har gode kommunikasjonar med buss, ferje og båt til Husnes/Stord/Haugesund, Rosendal/Odda, Bergen og Oslo. Frå Uskedalen kan ein lett nå andre attraksjonar og aktivitetstilbod i Kvinnherad, til dømes Fjellhaugen Skisenter (ein halvtimes køyring), Folgefonna, Baroniet og puttbana i Rosendal, golfbana på Husnes og lakseparken på Ænes.
|
| |
|
|
| |
|
Er du på leiting etter:
-eit Noreg i miniatyr frå fjord til fjell
|
| |
|
-eit lite, men levande lokalsamfunn med barnehage og skule
|
| |
|
-lokalbutikk som har 'alt'
|
| |
|
-aktivt kulturliv og mange arrangementar
|
| |
|
-gode moglegheiter for fiske
|
| |
|
-turisttilbod i variert natur
|
| |
|
-båthamnar av fyrste klasse
|
| |
|
-campingplassar og turiststasjon
|
| |
|
...då er Uskedalen svaret!
|
| |
|
|
| |
|
| |
|
| |
|
|
|