Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Avrunda jubileumsåret med ein imponerande julekonsert.

06.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
Røysterett for Alle talde 30 koristar i kyrkja i kveld. Då mangla det berre tre faste medlemer.
 
Blandakoret Røysterett for Alle skuffar ikkje sitt publikum, heller ikkje i kveld med ein variert og innhaldsrik førjulskonsert i Uskedal kyrkje. Eit nær på fulltalig kor, dyktige solistar og gjester og ikkje minst ein inspirerande og trygg musikalsk leiar, då er grunnlaget lagt for det som truleg er den beste julekonserten i år. For den som ikkje hadde høve til å få dette med seg, ja, då er Ølve kyrkje plassen neste torsdag, 13. desember.
 

Det ligg god regi og planlegging bak ein konsert med 20 innslag gjennomført på ein og ein halv time. Etter informasjon og opningshelsing av Brit Hjetland gjekk konserten på ein prikkfri måte med ro og verdighet. Lyssetjinga i kyrkja skapte stemning, jamvel om mannsstemmene delvis stod i myrke. Lyssetjing er vanskeleg. Ei justering gjorde at andleta kom litt betre fram.

 

Røysterett for Alle er på det jevne eit godt kor med god balanse mellom stemmene. Mannsrekkja talde 9 koristar, fem på bassen og fire på tenoren. Så mange menn bør det vera då kvinnetalet er over 20. Tenorstemma er den i kveld som kunne lagt på noko meir styrke. Klangen er god og Maria Malmsten har den evne til å få det beste ut av koret når det gjeld som mest.

 

Konserten hadde eit mellomspel med syd amerikansk inspirert musikk. Einar Steinkopf er klassisk gitarist. Han er som alltid stødig og god på Cavatina frå filmen Hortejegeren og Preludios Americanos. Enno betre vert det då familien Steinkopf/Malmsten framførte Black Orpheus frå filmen Orpheu Negro. Fridar Malmsten Steinkopf på saxofon hadde fleire sentrale innslag i konserten. Det same må vi sei om Frode Kaldestad på klaver.

 

I to avdelingar syng Røysterett for Alle 13 songar, alle med mange vers. Alt dette vert framført på minne utan hjelp av tekst og notar. Noko er rett nok kjend stoff for koret, men mykje er nytt og for mange ukjend stoff. Det var artig å høyra framføringa av Sov no Maja mor, ein russisk folketone, arrangert av Henning Sommero og med Haldor Tveit på accordeon.I den kalde vinter med tekst av Kari Bremnes er ein sikker vinnar i kveld. Så vart det også den som vart ekstranummeret.

 
Einar Steinkopf, klassisk gitarist, framfører Cavatina frå filmen Hjortejegeren.

Ein konsert av dette formatet hadde fortent eit større publikumstal enn dei 60 som hadde funne vegen til kykja i kveld. Så skal vi ta med at det er mange julskonsertar i desember i mange bygder. Alt neste sundag kjem den tradisjonelle julekonserten i Uskedalen.

 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Tor Edvard Taranger

 
Klikk på bilete for full storleik
Familien Steinkopf/Malmsten i ei glitrande framføring av Black Orpheus. F.v: Maria Malmsten, Einar Steinkopf og Fridar Malmsten Steinkopf.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
15.09.2019
Mindre skriving på uskedalen.no i denne veka.
Sidan redaktøren er noko indisponibel og redusert i neste veke, vert det mindre skriving på nettsida. Dei som har innlegg eller viktige meldingar/ notisar, må senda dette til uskedalen.no@gmail.com .

Red.
15.09.2019
Liten plastbåt rek i land på Stølavikjo.
Ein liten lys - grå plastbåt ( gummibåt ) rek opp i fjæra ved Målanaustet i Stølavikjo i dag. Båten er sikra og dregen på land. Eigar kan henta båten der.

kb
13.09.2019
Det nye soknerådet i Uskedalen.
Desse er valde inn på fast plass i det nye soknerådet i Uskedalen: Sigmund Myklebust, Eli Roseth Eik, Kristian Bringedal og Liv Sæbø Eik. Varamedlemer: Hallgeir Snilstveit, Arne Møller, Einar Gjertsen, Kåre M. Rød og Frode Seim. Soknerådet vel sjølv leiar, nestleiar, skrivar og kasserar.

kb
13.09.2019
Musikklaget med klart NEI til vindmøller.
Uskedal musikklag har sendt høyringssvar der medlemmene seier eit klart nei til vindmøller i Kvinnherad.  Dei håpar også at mange andre lag gjer det same.  Lagslivet er eit viktig bidrag til at Kvinnherad er ein god plass å bu, og kan naturleg nok ikkje godta at den vakre naturen, som det viktige bidraget til god livskvalitet, vert rasert!  Vi kjenner også til at fleire av medlemmene sender eigne høyringssvar i tillegg.

tid
11.09.2019
Tjuvjakt på hjort på Haugland.
Ei sak om det som kan vera tjuvjakt på hjort i Uskedalen, er meldt til Politiet. Det vart høyrt skot natt til laurdag og funne spor. Uskedalen.no avventar tilbakemelding frå Lensmannskontoret før det vert skrive meir.

kb
10.09.2019
SELSTAD søkjer etter produksjonsmedarbeidar.
SELSTAD, Uskedalen, har trong for meir personell. Det vert søkt etter produksjonsmedarbeidar til serviceanlegget på Eidsvik i Uskedalen. Søknadsfrist: 19. september. For meir informasjon: Kontakt driftsleiar Egil Pile.

kb
10.09.2019
Jostein Saghaug er inne for Miljøpartiet.
Den endelege lista er enno ikkje lagt ut, men så langt vi kjenner til, er Jostein Saghaug frå Uskedalen inne med fast plass i det nye Kommunestyret, Stadfesta liste kjem innan kort tid.

kb
10.09.2019
Kristian Øvstebø nr. 2 i Søral løpet.
Kristian Øvstebø vart nr. 2 i Søral løpet i helga med tida 23,08. Sindre S. Omvik vann med tida 18,28. Det var berre 8 menn og 2 kvinner med i konkurranseklassen.

kb
07.09.2019
Systrene Døssland er klar for aksjon ved Stortinget.
Systrene Marie og Astrid Døssland er to av fleire frå Uskedalen som er klar for markeringa i morgon ved Stortinget i Oslo, mot vindkraft på land. Aksjonsgruppa frå Kvinnherad vil vera samla under eigen banner og logo. Uskedalen.no er lova bilete frå aksjonen.

kb
07.09.2019
Bingo kvar onsdag likevel.
No vert det frå neste veke bingo kvar onsdag. Dermed vert det ei endring tilbake til slik det var. Bingogruppa i ungdomslaget gjer ein stor jobb og legg ned mykje arbeid med førebuing og gjennomføring.

kb
Siste Nyhende
15.09.2019
Konfirmantane 2020 vart presentert i kyrkja.
Dei nye konfirmantane vart presentert i kyrkja i går, sundag 15. september. Talet er 14 og Reidar Ådnanes vert presten deira fram til han sluttar og går av med pensjon i desember. På eit møte med konfirmantane og foreldra deira etter gudstenesta i går vart det orientert om konfirmasjonsførebuinga og evt. kva som vil skje i tida etter jul og fram til konfirmasjonen i mai månad.
15.09.2019
Ei minnerik helg for konfirmantjubilantane.
To minnerike dagar for konfirmantjubilanten er over. No er det to år til Soknerådet på nytt inviterer dei som vart konfirmerte for 50, 60, 70 og 80 år sidan, forenkla sagt. Sidan samlinga er 2. kvart år, vert det dobbelt opp av årsklassar. Den eldste konfirmanten i år var 80 års jubilanten, Kari Hermansen.
14.09.2019
Store og kreative tankar om eit klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen.
Prosjektgruppa for Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen inviterte til ope møte torsdag i denne veka. Frammøte var godt og det kom fram kreative tankar om kven som er brukargruppa, om innhaldet, om plassering og ikkje minst om utsjånad og estetisk uttrykk slik bygget ligg samlokalisert med skulen i sentrum og tett i strandsona. Representantar frå kommune, fylkeskommune og SpareBank 1- stiftinga, Kvinnherad var med på møte. 
13.09.2019
Konfirmantjubileum og konfirmantpresentasjon.
I helga er alt klart for konfirmantjubileum og presentasjon av dei nye konfirmantane i Uskedal Sokn. Konfirmantjubileet vert gjennomført 2. kvart år der ein dennne gongen inviterer og samlar kulla frå 1948 og 1949, 1958 og 1959 og 1968 og 1969. Dette utgjer 70-, 60- og 50 års jubilantane. Eit av kulla samlast alt i kveld til uformelt samvære på Stemneplassen.
12.09.2019
Frå Uskedalen til vindkraftdemonstrasjon ved Stortinget.
Den tverrpolitiske markeringa mot vindkraft på land i Oslo sist helg samla over 1000 demonstrantar frå heile landet. I ei gruppe frå Kvinnherad på 20 personar var Uskedalen på plass med Marie Døssland, Astrid Døssland og Mona Vetrhus. Det var ei roleg og verdig markering med talar, appellar og kunstnarlege innslag.
11.09.2019
Haustprogrammet for Senioruniversitetet er klart.
Kvinnherad Senioruniversitet med Kjell Borge Olsen som leiar har møteprogrammet for hausten klart. Alt i morgon, torsdag 12. september kl. 11, skal Ivar Baste snakka om Biologisk mangfald - ei alvorleg tid for naturen. Møte er i Rosendal samfunnshus. Senioruniversitetet har alle sine styremøte i Uskedalen. Audun Eik og Kristian Bringedal er varamedlemer i styret og møte fast på alle styremøte.
10.09.2019
Ønskjer innspel på kva tilbygget til Aktivitetshuset skal innehalda.
Torsdag arrangerer prosjektgruppa som arbeider med utvidinga av Aktivitetshuset folkemøte kl.16.30 om ettermiddagen.  I tillegg til det store klatretårnet og det utvida styrketreningsrommet ønskjer gruppa at huset skal gje eit godt og breidt tilbod til ulike interessegrupper.  Derfor håpar dei at mange tar turen til møtet for å koma med sine innspel og behov når arkitektane frå Lala er på besøk.
10.09.2019
Saghaug - den einaste fokevalde frå Uskedalen i Kommunestyret.

Finteljing og endeleg resultat syner at Uskedalen berre er inne med 1 representant i det nye Kommunestyret. Det er Jostein Saghaug. Etter folketalet burde Uskedalen vore inne med tre faste medlemer. Uventa er det at Oddbjørn Kroka korkje kom på fast plass eller som varamedlem. Like uventa er det at Kristian Bringedal er 2. varamedlem på Venstre etter Kent Arne Kjørsvik Petterson. Synnøve Handeland er inne for Venstre. Hanne Bakke Berntsen er 2. varamedlem til ei gruppe i Senterpartiet på 8. Ho må rekna med å møta på dei fleste møta.
09.09.2019
Uskedalen er truleg tilbake i Kommunestyret.
Det skal mykje til om ikkje Uskedalen vert representert i det nye kommunestyret. Mandatfordelinga er med nokre atterhald klar no i kveld. 150 røyster, såkalla postlister og førehandrøyster, er ikkje talde. Det vert gjort i morgon tidleg. Namna på dei 35 representantane i Kommunestyret vert kunngjord i morgon kl. 17.30.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS