Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Hundeskilta er sparka og rivne ned for 3. gong på tre år.

06.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
To hundeskilt i hage langs Uskedalsvegen er vandaliserte, og det for for 3. gong på tre år.
 
Audhild Lie og Magne Grindheim er plaga med at hundeskilta vert sparka eller rivne ned og det for tredje gong på tre år. Eigendomen deira ligg langs Fylkesvegen og Magne gjer alt han kan for å halda ein fin hage utan hundeskit. Hundeskilta har god effekt og ekteparet forventar at skilta får vera i fred utan vandalisme.
 

Innlegg om hundar, hundeskit og attlagde posar langs vegen er ein gjengangar på nettsida. No gjeld det hundeskilta med teksten LUFT GJERNE HUNDEN, MEN IKKJE HER. I Uskedalen finn vi desse skilta mellom anna på Brekketoppen, i Geilo og langs Uskedalsvegen. Skilta har god effekt og det er registrert mindre hundeskit i private hagar. Ein viktig føresetnad for at dette skal fungera, er at alle syner respekt og let skilta stå slik eigarane vil ha det.

 

Audhild Lie fortel til Uskedalen.no at dei har brukt hundeskilt i tre år. Skilta er kjøpte på Europris og kostnaden er kr. 70,- pr. skilt. Det er tredje gongen at skilta vert skada og rivne ned. Etter den siste hendinga i 2018 monterte Magne skilta med sterke skruer festa frå begge sider. Han valde å bruka ein større og sterkare stolpe. Likevel vert skilta vandaliserte.

 

Audhild Lie og Magne Grindheim bed om at skilta får stå i fred utan å verta øydelagde kvart år.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.05.2019
Takk til alle som deltok på Hjertemarsjen.
Takk til alle som var med på Hjertemarsj med quiz i dag. Av 16 rette svar på quizen hadde mange 14 poeng. Etter loddtrekning fekk desse premie: Sekk: Kjell Tungesvik. Refleksvest: Kari Ljosnes.

Styret 
25.05.2019
Til topps i Ulriken Opp.
I år som i fjor vann Kristian Øvstebø frå UIL sin klasse i Ulriken Opp.  Med tida 28.32 forbetra han fjorårets vinnartid med imponerande 2 minutt og 29 sekund.  Norgeseliten i motbakkeløp var på plass, og Kristian plasserte seg som nr.24 totalt mot 46 i fjor.  Imponerande framgang sjølv om vi tar med i betraktning at løpet i fjor gjekk i svært sterk varme!! Løypa i Ulriken Opp er 3,6 km, og den går over 605 høgdemeter.

tid
25.05.2019
Sundagsmøte på Bedehuset, sundag kl. 11.
Det vert møte på Bedehuset i morgon, sundag 26. mai, kl. 11. Talar er Tormod Myklebust. Det er eit møte med nattverd.

kb
25.05.2019
Musikk ved butikken i dag.
Dersom veret held seg slik som no i morgontimane, spelar eit litt redusert Uskedal musikklag ved Spar Uskedalen frå ca. kl.12 i dag.  Spelinga er i samband med Spar-løpet som startar på Sandakaien kl.13 og Hjartemarsjen som Uskedal helselag arrangerer med start frå Sandakaien kl.12.

tid
24.05.2019
God påmelding til SPAR løpet i morgon.
Det er god påmelding til SPAR løpet, med start på Sandakaien i morgon kl. 13. Innan kl 22 i kveld er det påmeldt 50 deltakarar. Etterpåmelding må vera gjort minst ein time før start. Det er fire løypelengder, alt frå 350 meter til over 3000 meter. Alle får premiar frå SPAR. Det er påmelding frå mange bygder i Kvinnherad.

Arr.komiteen
22.05.2019
Nøkkel funnen på Kjærlandssido.
Ein nøkkel er funnen i vegkanten på Kjærlandssido.  Nøkkelen ser ny ut, og det kan sjå ut som den høyrer til ein sykkellås eller ein takboks.  Dei som saknar nøkkelen, kan få den att hos Haldis Aakra.

tid
22.05.2019
Sikringskurs for 12 deltakarar i Hallen.
Frå kl. 18 vert det gjennomført sikringskurs i klatregruppa i Uskedal Idrettslag. Kurset er ein del av utdanninga av 5 nye instruktørar. Instruktørane vil i dag ha sin eksamen og med dette er nye instruktøar klar for å vera med og vidareutvikla klatremiljøet i Uskedalen.

kb
22.05.2019
HV øving frå 22. til 27. mai.
Det vert gjennom HV øving i perioden 22. - 27. mai langs vegane i område Omvikdalen - Matre - Fjellhaugen. Det er som vanleg skytetrening på Midthølen. All militær aktivitet er varsla og skilta.Områdesjef er Tor Vidar Sæle frå Uskedalen.

kb
21.05.2019
Trening til SPAR løpet på onsdag kl. 17.30.
Det vert trening til SPAR løpet onsdag i denne veka kl 17.30 - 18.30. Frammøte på Sandakaien. Alle skal få springa sin løyper. SPAR løpet er på laurdag med start kl. 13. Påmelding på Uskedal Idrettslag si nettside.

kb



20.05.2019
Damejakke funnen på stien mot Solfjell.
Ei damejakke, storleik 46, vart i dag kl. 12 funnen på stien opp mot Solfjell. Jakka er lys/grå og har merke Endurance. Jakka er teken vare på og kan hentast hos Konstanse Tveit, mobil: 95195861.

kb
Siste Nyhende
26.05.2019
Kjekke minne etter dokter Haugen.
Peder Ljosnes (f. 1930) hadde ein personleg og nær kontakt med dokter Haugen. Grunnlaget vart lagt gjennom Peder sitt yrke som bilmekanikar. Han byrja ved Hauge Slip og Mekaniske (seinare Hauge Auto AS) i Sandvika i Omvikdalen i 1954. Dette var den faste verkstaden til Haugen, og dei sytte for tilsyn med køyretøya hans, og for reparasjonar når det var nødvendig. I boka Dokter Haugen fortel Peder om denne tida.
– Han var den beste kunden vi hadde, og han heldt ein mann med arbeid heile tida, fortel Ljosnes om kundeforholdet med den folkekjære distriktslegen.
25.05.2019
Andreas Kristoffersen debuterte og fekk beste tid i SPAR- løpet.
Andreas Kristoffersen hadde startnummer på brystet for fyrste gong i sitt liv. Han sprang i klassen Menn 35 - 39 år på tida 11,42 min i den vel 3 km lange løypa. Knut Olav Myklebust vart nr. 2. Kristoffersen var den store overraskinga. Han fortel til Uskedalen.no at han spring etter sauer i fjellet og trenar på tredemølle i perioden han er på arbeid på plattform i Nordsjøen. SPAR- løpet samla born og vaksne frå heile Kvinnherad. Best deltaking var det i aldersgruppene fram til fylte 10 år.
24.05.2019
Hjertemarsj i forkant av SPAR løpet i morgon.
Uskedal Helselag inviterer alle til å vera med på Hjertemarsj i morgon, laurdag 25. mai, kl. 12, i forkant av starten på SPAR løpet. Det er innlagd quiz med mange kjekke spørsmål. I helsemagasinet Hjerte og Hjerne les vi at mange helselag har gode rutinar på det å arrangera hjertemarsj. No er det Uskedalen sin tur.
23.05.2019
Prosjektkoordinatoren med oppvekst og slekt i Uskedalen.
Kristine Røyrvik med oppvekst og slekt i Uskedalen er prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice. Ho har vore primus motor bak Kvinnheradkonferansen med tema: Nettverk og samhald. Kristine vaks opp og gjekk på skule i Uskedalen. Familien med mor og far, Randi og Svein, flytta til Sunde i 1994.
23.05.2019
40 meter lang forstøtningsmur ved Kunstgrasbanen.
Fire mann frå Ersland Forskaling har den siste veka forskalt og gjort klart for støyping med det som vert ein 40 meter lang mur i eine hjørnet på Kunstgrasbanen. Øystein Ersland er dagleg leiar i firma, som har spesialisert seg på betongarbeid,- forskaling, jernbinding og støyping. Betongen vart i går levert frå Dimmelsvik Betong.
22.05.2019
Flaumfaren i Uskedalselva er kartlagd.
På Kvinnhead kommune si heimeside kan vi lesa om flaumfaren i Uskedalselva. Rapporten er laga av Norconsult AS  og utrekningane er gjort med bakgrunn i gjentaksintervall på 20, 200 og 1000 år. Klimaprofilen syner at det er venta store nedbørsmengder i framtida med meir styrtregn. Om Uskedalen les vi dette i utdrag:
21.05.2019
Ingvar Havnen talar på haustfesten i Ungdomslaget.

Tidlegare ambassadør Ingvar Havnen frå Rosendal har takka ja til å vera talar på haustfesten i Uskedal ungdomslag laurdag 19. oktober. Det er den femte haustfesten etter at ein gjenskapte det som var ein fast tradisjon i ungdomslaget i alle år. Ingvar Havnen, fødd 1951, vaks opp og gjekk på skule i Rosendal til ferdig realskule. Etter gymnaset bar det til Oslo som student.
21.05.2019
Unge lovande løparar frå Holmen i Uskedalen.
Viljar og Amund Berge-Soldal er brør og bur på Holmen. Amund er 12 år og har alt vore ein aktiv løpar nokre år. Viljar er berre 6 år og debuterte på Maileikane i Haugesund i helga som var. Amund vann sin klasse med ny stevnerektord på tida 5.00.5 minuttar.
19.05.2019
Ekstraordinært årsmøte i Uskedal Vassverk 27. mai.
På årsmøte i Uskedal Vassverk 8. mai vart det gjort vedtak om justering av vassavgiftene ved overgang til 8 ulike prisgrupper. Nye vassgifter er bestemt med vanleg fleirtal på årsmøte. Saka på ekstraordinært årsmøte gjeld vedtekstendring § 14. Sjå meir om innkalling og kva styret skriv:
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS