Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

22,6 pluss - kan det vera varmerekord i april ?

15.05.2018
Det vart 19. april målt 22,6 varmegrader på måletasjonen i Korsneset. Det er den høgaste temperaturen registrert så lenge Kurt Haugland har drive med slik måling i Uskedalen. Berre to veker før det vart det målt minus 5,9 i Omvikedalen.

kb
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.05.2018
Muslimmisjonen har møte på Bedehuset.
Norsk Muslimmisjon har møte på Bedehuset i kveld, måndag 21. mai og i morgon 22. mai, begge dagane kl. 19. Talar er  Kurt Olsen. Det vert kollekt til Muslimmisjonen. Alle er velkomne.

kb
19.05.2018
Kveldsgudsteneste 1. pinsedag kl. 19.30.
Det er kveldsgudsteneste i Uskedal kyrkje i morgon, 1. pinsedag, kl. 19.30. Gudstenesta er ved sokneprest i Husnes og Holmedal, Reidar Ådnanes. Kantor Eva Megyesi sit ved orgelet.

kb
19.05.2018
Laurdagsope på Elins Matgleder.
Det er laurdagskafe på Elins Matgleder i dag fram til klokka 16. Det vert servert ein lunsjmeny med mellom anna pizza, hamburger, nachos og baguetter. I tillegg er det bollar og kaker. Linnea og Norah sit ute og sel lappar. Ta turen til Elins i dag i det fine veret.

kb
18.05.2018
Vaffelsal til inntekt Norwaycup gjengen
Norwaycuplaga (gutar 04 og jenter04) ynskjer å laga vaffelsal ved butikken i morgon frå klokko 11.30-15.00 Velkommen skal folk vera på kaffi, saft og vafler.

hoø
18.05.2018
Bringeduk etterlyser eigar
Ein flott bringeduk vart sprunge ifrå under 17.mai feiringa på skuleplassen. Den er tatt hand om, og eigaren kan ringje 91592757 for å få den tilbake.

hoø
18.05.2018
Nordsang til Fjelbergstemne.
Kyrkjekoret Nordsang vert med på det tradisjonsrike Fjelbergstemne 2. pinsedag. Det er Fjelberg og Eid Sokn saman med Misjonsalliansen som er tilskipar. Kyrkjekoret med sin musikalske leiar Eva Megyesi skal vera med på gudstenesta og på ettermiddagsmøte. Jan Ove Totland er prest og prosten i Sunnhordland, Theodorsen, medverkar.

kb
17.05.2018
2. klasse - best i Folketoget.
2. klasse vart tildelt ein gåvesjekk på kr. 500,- for det beste innslaget i Folketoget på 17. mai.  Folketoget gjekk frå Grano via Båthamna og Campingen til Stemneplassen med retur same vegen fram til skulen.

kb
16.05.2018
Bjarte Døssland - 17. mai talar i Rosendal.
Bjarte Døssland  held talen for dagen på 17. mai i Rosendal. Døssland har hatt denne oppgåva i Uskedalen minst to gonger før. Talen i Rosendal vert framført på Hestasletto klokka 12.40. Bjarte Døssland er kjend for å vera frisk i tonen, men også morosam.

kb
15.05.2018
Rådyrbukken måtte avlivast.
Rektor Stig Berge-Soldal melder at rådyrbukken måtte avlivast. Han fekk store skade ved å springa inn i gjerde og bygningar. Rådyret sprang over Kunsten mens det var elevar og arbeidsfolk ute på plassen. Avlivinga vart gjort av kyndige personar.

kb
15.05.2018
Rådyrkalv på Neset og på skuleplassen
Brått og uventa stod eit rådyr hagane på Neset i dag. Det for vidare ned på kunstgrasbanen og sprang seg fast i gjerde og vart skada. Det er uvisst om det måtte avliving til.

kb
Siste Nyhende
21.05.2018
Langreiste gjester- frå New Jersy til Skorpo.
Denne veka har det vore langreiste gjester på Skorpo. Sist måndag kom Spenser Sembrat ( 20 år ) og Tyler Mc Donald ( 18 år ) heilt frå New Jersy ( USA ) til Vågen på Skorpo. Spenser er økonomi student og Tyler er computer vitenskap student. Eit bilete av Trolltunga var avgjerande for at turen gjekk til Kvinnherad og Odda.
21.05.2018
Pinsegudsteneste med dåp og nattverd.
I år var det kveldsgudsteneste 1. pinsedag med dåp og nattverd. Dåpsbarnet fakk namnet Nelly-Karin Haukanes Haugland. Presten Reidar Ådnanes song for dåpsbarnet, Må din vei komme deg i møte. Det var vakkert og stemningsfullt. På dagen etter det store brudlaupet i England, var det naturleg at den kraftfulle talen til erkebiskopen Carry vart nemnd.
20.05.2018
På sporet av den gode opplevinga i Uskedalen.
Overskrifta seier seg sjølv. Lars Kåre Stendal er leiar for Bergen Seilforrening sin pinsetur til Uskedalen. Han jobbar i Jernbanedirektoratet og seier det slik: Vi er på sporet av den gode opplevinga i Uskedalen. Betre kan det ikkje seiast av ein som jobbar med jernbane og det å vera på sporet. Bergen Seilforrening har brukt Båthamna i Uskedalen fast til sine seglturar i pinstihelga i mange år.
20.05.2018
Kristian Øvstebø og Kari Bråtun vann Åkraløpet.
Kristian Øvstebø og Kari Bråtun vann Åkraløpet i går. Kristian ( 14 år ) hadde beste tid av alle som var med, på tida 11 min 25 sek. Kari vann klassen damer med tida 12 min. 41 sek. Det var elles god deltaking frå Uskedalen med mange gode plasseringar ( Sjå lista under )
20.05.2018
Klar for Leirveggen i Eikedalen.
Visste du at Bergen Fjellklatrarklubb har merka klatreruter i Eikedalen. I dag møtte Uskedalen.no  to aktive friluftsmenneske ved Uskedal vassverk sitt anlegg på Sørestølen, klar for dagstur i Eikedalen med klatring i det som i Klatreføraren er kalla Leirveggen. Rune Hammersland og Hilde Nicolaisen kjem frå Sandnes og vil finna meir ut om toppturar og klatreruter i Uskedalen.
19.05.2018
30 bubilar og gjester i alle hyttene.
Det er stor pinseutfart og for mange går reisa til Uskedalen og Rabben Feriesenter. Magne Heggøy er kjempe nøgd med pinsehelga så langt. I natt var det 28 bubilar på plass. Nokre valde å ta turen til Hardanger og fruktbløminga i dag. Andre har kome til.  Alle hyttene er i bruk, noko som vil sei at 50 sengeplassar er bortleigd.
18.05.2018
Folketoget - leikane - russen sine helsingar.
Uskedalen.no var med på det meste. Vi maktar likevel ikkje å skriva om alt i det rikhaldige programmet. Styringsgruppa og komiteane skal ha skryt for god regi og flott gjennomført 17. mai. Det er god tid mellom øktene og det er høve til å helsa på og drøsa. I fint ver kan de gjerne vera avsett noko meir tid på Stemneplassen, men det er ikkje så enkelt å planleggja. Kva om det vert dårleg ver ?
17.05.2018
Ikkje 17. mai utan korsong og korpsmusikk.
Ikkje alle bygder har fleire kor og to musikkorps. Uskedalen har det meste og i dag fekk vi høyra 30 åringen Røysterett for Alle, Uskedal skulemusikklag og Uskedal musikklag. Røysterett for Alle opna gudstenesta med svensk Sommarsalm, omsett til nynorsk av Svein Rimestad. I andre avdeling fekk vi framført Erik Bye sin tekst Blå salme, som eigentleg ikkje var ein salme før Bye skreiv den 3. strofen med eit religiøst innhald. 
17.05.2018
17. mai i Uskedalen - dagen for dei gode talane.
Mykje folk, fint ver, innhaldsrikt program, glade born, god regi og gjennomføring - kva meir kan vi ynskja oss. Nasjonaldagen måtte bli vellukka. Den raude tråden i talane og helsingane er takksemd og at vi kan feira grunnlova og fridomen i eit raust samfunn med vilje til integrering og inkludering.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS