Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Nyhendearkiv

Bilete syner kor det er ope vatn på Mannsvatnet.
Open råk på Mannsvatnet i stabil kuldeperiode.
Av dei som går mykje på Hauglandsfjellet og i område rundt Mannsvatn er det registrert open råk. Det er uvanleg i ein periode med stabil kulde og der isen elles på det jevne er mellom 20 og 30 cm. tjukk. Den opne råka har skapt undring og det vert spurt om ei forklaring.
20.01.2021
 
Kyrkjelydsbladet er for soknene i ytre luten av Kvinnhertad. Målet må vera eit felles blad for alle soknene.
Treng Kvinnherad eit felles kyrkjelydsblad ?
Tidlegare var det 3 kyrkjelydsblad i Kvinnherad: Over Fjorden, Kva hender i Fjelberg og Eid sokn og Kyrkjelydsbladet. Dei siste åra har det berre vore Kyrkjelydsbladet som har kome ut. Bladet vart starta som eit blad for Husnes og Holmedal sokn, seinare har også Fjelberg og Eid sokn og Uskedal sokn komne til. Det har kome fram ynskje om eit felles kyrkjelydsblad for alle soknene. Det vart også drøfta etter Bispevisitasen i 2018.

19.01.2021
 
Lekter frå Johannes Røgelstad Maskin ligg til kai på Børnes. Arbeidet i denne omgang gjeld mellom anna fjerning av ei grunne.
Lekter med borerigg gjer jobben med utdjuping av Børneskaien.
Ein lekter frå Johannes Røgelstad Maskin AS er på plass på Børnes for boring og sprenging av ei grunne som ligg på den kommunalen delen av tømmerkaien. Førebuing og klargjering tok til fredag i veka som var. Lekterfirma frå Skånevik vert mykje brukt ved bygging av kaiar, moloar og fundament i sjø i heile regionen. Lekteren fungerer også som ein ambulerande og flyttbar tømmerkai, om det trengst.
18.01.2021
 
Det er klargjort for massevaksinasjon i Kvinnherad kommune.
Massevaksinasjon i Kvinnherad kommune.
Kvinnherad kommune startar massevaksinasjon for korona. Informasjon om arbeidet vil bli lopande oppdatert på kommunen si heimeside. Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. Denne infomasjonen er henta frå Kvinnherad kommune si heimeside, oppdatert i dag 18.01.2021.
18.01.2021
 
Krigsseglarbok frå Finnmark omtalar torpederinga av DS NORSE KING 1942.
DS NORSE KING der Hans L. Landa var mannskap er omtalt i krigsseglarbok frå Finnmark.
I ein bokserie med tittelen Krigsseilere fra nord omhandlar bok 1 sjømenn frå Finnmark i handelsflåten ute og heime. Roger Albrigtsen frå Evenes i Nordland er forfattar. Bok 2: Krigsseilere frå Troms 1939 - 1945 kjem til sommaren. I den fyrste boka legg vi merke til DS NORSE KING på reise frå Swansea til Boston, lasta med kol. Skipstømmermann Han Laurits Landa ( f. 1903 )  frå Uskedalen var mannskap og omkom i torpederinga 28. og 29. desember 1942.
17.01.2021
 
Det er kjelkaføre og Astrid og Pål Haugland har funne fram kvar sine kjelkar. Astrid har dessutan styrepinne.
Pålavegen - Uskedalen sitt svar på Fløysvingane.
Bergen har Fløysvingane og Føyfjellsvegen. Uskedalen har skogsvegen på Haugland, også kalla Pålavegen. Det er nokre skilnader. I Bergen kan du ta Fløybanen opp og aka ned, om lag 300 høgdemeter. På Haugland går du til toppen og akar eller skreider 500 høgdemeter ned i dalbotn. Etter Uskedalen.no la ut på nettsida at vegen var preparert og køyrt opp med scooter, har det vore stor tilstrøyming dag og kveld.
16.01.2021
 
Dagsturhytta er forma som ein takstol, er stabil og er godt eigna for helikoptertransport.
Uskedalen vart vurdert for plassering av Dagsturhytta.
Etter vedtak i Levekårsutvalet vart det bestemt at Dagsturhytta skal plasserast ved Nautavatnet. Etter framlegg frå Uskedal Idrettslag var Uskedalen med i vurderinga like til siste behandling. I desember vart det gjennomført synfaringar i fleire aktuelle bygder, mellom anna på Hatlestrand, Husnes og i Uskedalen. Etter ei total vurdering med bakgrunn i krav til plassering og bruk, vart plassen Nautavatnet.
15.01.2021
 
Vedtaket i Forvaltningsutvalet om sprenging og knusing av stein gjeld område t.h. for Eidsvik Eigedom AS sin industrihall. ( Arkivfoto )
Klagar på vedtaket i Forvaltningsutvalet om steinknusing.
Innan fristen er det sendt klage på vedtaket i Forvaltningsutvalet 16.12.2020 om å gje løyve til knusing av stein på Børnes Industriområde. Klagen er underskriven av 17 naboar. Brødrene Hjønnevåg har sendt eigen klage på same vedtaket. Klagen gjeld steinknusing, ikkje sprenging.
14.01.2021
 
Bjøgulv Eik var ein av informantane. Intervjuar er Nora Hjønnevåg og Linnea Myklebust Ripel.
Skulen før er tema i neste filmprosjekt på Uskedal skule.
Skulen på 1940 og 1960 talet er tema for 7. klasse sitt filmprosjekt med filmskapar Merethe Offerdal Tveit som instruktør. Informantane er Bjørgulv Eik og Thor Inge Døssland. Den fyrste delen av innspelinga vart gjort i går i 11 tida. Dei 17 elevane med ulike arbeidsoppgåver var delte i to grupper, ei på skulen i arbeidet med tittel og rulletekst, ei gruppe i Gamleskulen med intervju, lyd og opptak. 
14.01.2021
 
  Forrige
Neste  
Lesarbilete
Notisar
25.02.2021
Årsmøte i Uskedal Idrettslag - kunngjering.
Styret i Uskedal Idrettslag melder at årsmøte 2021 vert 24. mars kl. 20.00 i Gamleskulen. Med bakgrunn i smittevernreglane krevst det påmelding seinast 17.03. Innkomne saker må vera styret i hende innan den same fristen, nemleg 17.mars. Påmelding til chris.fossli@gmail.com. Meir om årsmøte i Idrettslaget kjem som innlegg seinare. 

Styret 
23.02.2021
Kulturstipendet 2021 er lyst ut.
Kulturstipendet vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativt virke. Stipendet skal vera eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr. Stipendet er på 50 000 kroner, og er eit samarbeid mellom: Sparebank 1 - SR Bank, Sparebanken Vest, Sunnhordland kraftlag og Kvinnherad kommune. Søknadsfrist: 01.06.2021 
kb
23.02.2021
Tilskot til kultur og folkehelsetiltak.
No er det tid for å søkja kommunale tilskot til kultur og folkehelsetiltak. Lag, organisasjonar, ungdomstiltak, privatpersonar og institusjonar som driv frivillig og /eller ikkje kommersielt kulturarbeid kan søkja. Søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside. Frist: 15. mars 2021.

kb
23.02.2021
Årsmøte i Uskedal Båtlag torsdag 11. mars kl. 18.00 i Helgheim
Det vert årsmøte i Uskedal Båtlag torsdag 11. mars kl. 18.00 i Helgheim ( kjellaren ). Grunna smittevern bed styret om påmelding innan 6. mars, anten til Hans Gustav Mussland ( 906 45 530 ) eller Jan Henrik Hansen ( 922 92 792 ). Innkomne saker til årsmøte må vera styret i hende innan 01.03.

Styret
21.02.2021
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 7. mars.
Etter gudstenesta 7. mars kl. 15.00 vert det soknemøte/årsmøte i Uskedal sokn. Det vert lagt fram årsmelding og rekneskap for 2020. Det er drøftingar og høve til å koma med synspunkt på aktiviteten for kyrkjelydsarbeidet lokalt. Møte er ope for alle medlemer i Den norske Kyrkja.

Soknerådet
21.02.2021
Møtte elg på treningstur.
Trude Helen Døssland og ektemannen Thomas Pettersen driv godt med travhestar.  Ein dag tidlegare i vinter hadde Thomas ei svært spesiell oppleving då han var ute og trente den kjende travaren Gretzky B.R..  Dei møtte på sjølvaste SKOGENS KONGE, og Thomas fekk filma det uvanlege møtet med mobil, og vi kan sjå resultatet på VgTV ved å klikka HER.   Paret bur i Skrukkelia i Hurdal kommune.

tid
20.02.2021
Invitasjon til å vera med i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe.
Måndag 22. febr. kl. 19.00 er du invitert til møterommet på Stemneplassen, til ei Arkiv- og kulturhistorisk gruppe i Uskedalen. Målet er å ta vare på, samla inn og registrera arkiv- og lokalhistorisk stoff frå lag/organisasjonar og informantar. På møte vert det presentert ein skisse til arbeidsform og tiltak. Dersom dette er noko for deg, gje ein lyd til: Kristian Bringedal ( 915 31 487 ) eller e-post: kristian.bringedal@gmail.com

kb
20.02.2021
Frosne røyr og mellombels løysing med vatn til SPAR, Rabben og Sanden.
Frosne røyr i inntaka til Gamleskulen, SPAR, Sanden og Rabben gjer at det er laga ei mellombels løysing med synleg vassledning frå utttak ved Grano, over plassen ved Gamleskulen og fram til SPAR. Denne løysinga har vore i drift ei vekers tid. Inntaket til kyrkja er også frose.

kb
19.02.2021
Kan Uskedalen koma tilbake som eigen valkrins.
K.direktøren tilrådde å kutta ambulerande røysting i Uskedalen i 2021. Etter framlegg vart framlegg frå Gaute Lund vart saka  sendt over til Formannsskapet for endeleg avgjer. Drøftinga i K.styret lovar godt for ei løysing der Uskedalen vert eigen valkrins, slik det var før. Men som sagt: Formannskapet har det endelege ordet.

kb
18.02.2021
Tre av fire i revystyret kjem frå Uskedalen.
Heile 3 av 4 i revystyret kjem frå Uskedalen. Det er: Thea Taranger ( revysjef ), Hanna Tvilde og Andrea Hjelmeland. Framsyninga er 6. mars kl. 19.00.

kb 
Siste Nyhende
25.02.2021
Seks grunneigarar går saman om tømmeruttak i Kleivadalen.
Det føreligg plan for tømmeruttak i område Halsatoppen - Kleivadalen - Ospelunden. Seks grunneigarar går saman om prosjektet. Det er snakk uttak av om lag 5000 kubikk, både til skur og til slip. Avtalen er gjort med Nortømmer. Lokal entreprenør er Hjelmeland Hogst og service frå Omvikdalen. Arbeidet er tenkt gjennomført i den turraste tida, før eller etter sommarferien.
24.02.2021
Endra rammer for kyrkja - auka deltakartal.
Kyrkja kan igjen ynskja velkomen til gudstenester. Etter at vi den siste tida har hatt eit regelverk som avgrensar tal deltakarar til 10 på gudstenester og 50 i gravferder kom det fredag melding om at den nasjonale forskrifta no sette det maksimale talet for deltakarar på arrangement til 100. Føresetnaden er då at deltakarane får ein fast tilvist plass. Dette maksismale talet må sjåast i samanheng med avstandsreglar. I praksis er det vanskeleg å få plass til 100 i nokon av våre kyrkjer, men talet vert sjølvsagt betydeleg høgare enn 10.
23.02.2021
Uskedal Vassverk - nytt inntak 130 metter lenger inne i Eikeelva.
Uskedal Vassverk ynskjer ny inntaksløysing 130 metter lenger oppe i Eikeelva. Inntaket ligg i dag på kote 120. Nytt inntak vert på kote 127 og vil ha betre funksjon i høve til massetransport ved flaum. Ny løysing vil føra til eit vedlikehald som er langt mindre krevjande enn slik det er i dag. Uskedal Vassverk er eit privat vassverk, organisert som samvirkeføretak. Vssverket forsyner 500 abonnentar med vatn, til vanleg hushald, landbruk, turistverksemder og anna næring.
22.02.2021
Stor interesse og godt frammøte til Arkiv- og kulturhistorisk gruppe.
Det var eit godt frammøte til den fyrste samlinga i det som no ser ut til å bli ei Arkiv- og kulturhistorisk gruppe i Uskedalen. I tillegg har fleire meldt frå om at dei vil vera med i gruppa, men hadde ikkje høve til å møta fram til opninga. Nokre utflytte uskedelingar er også med i gruppa. Målet er å registrera og systematisera minnestoff med allmenn interesse frå Uskedalen. Arkiv fysisk og digitalt vil vera ein viktig del av arbeidet. Neste samling i gruppa vert torsdag 25. mars kl. 19.00 på Stemneplassen.
22.02.2021
Meir om barometerstand og kalibrering.
Det er ikkje ofte ei sak har engasjert så mykje som innlegget om barometerstand. Takk til alle som har sendt redaksjonen informasjon og utfyllande opplysningar. Erlend Moen har ei oppklaring omkring dette med barometerverdiar. Eit barometer må kalibrerast før det vert teke i bruk, om det skal visa korrekt lufttrykk. Les kva Erlend Moen skriv:
20.02.2021
Høg aktivitet i Uskedal helselag - sjølv i eit koronaår.
Uskedal Helselag hadde årsmøte i Gamleskulen måndag 15. februar. 2020 har på mange måtar vore eit unntaksår med Covid 19 og restriksjonar. Helselaget kan likevel syna til høg aktivitet med mange gode tiltak. Det manglar ikkje på arbeidsoppgåver, noko helselaget tek på alvor og løyser på sin måte. Eli Roseth Eik held fram som leiar.
19.02.2021
Nær på 80 sekker ferdigkløyvd ved på fem timar.
Nær på 80 sekker ferdigkløyvd ved på fem timar må vera rekord. Dugnadsgruppa står for denne prestasjonen på Stemneplassen i går og i dag. Då var ni menn i sving på torsdagen og fire menn på fredagen. Arbeidet var alt frå felling, kvisting, kapping, kløyving til ferdig ved i sekk. I tillegg kjem opplasting og transport. Med dette har Uskedal Friluftslag sikra seg ved til det store vedlotteriet i sommar.
18.02.2021
Konfirmasjonen vert utsett til hausten.
Etter nytt og tydeleg råd frå biskopen i Bjørgvin har no alle sokneråd i Kvinnherad vedteke å utsetja dei konfirmasjonane som er planlagt våren 2021 til hausten same år. Til grunn for biskopen sitt tydelege råd ligg smittesituasjonen med aktuelle døme på muterte virusutbrot og at mange reiser over lange avstandar i samband med konfirmasjon. Nye datoar er i Kvinnherad sett i tidsrommet 29. august til 26. september og er sendt ut til konfirmantar og føresette.  Ein kan finna datoane på:  www.kvinnherad.kyrkja.no . 
17.02.2021
Ola Matti Mathisen ( 78 år) døydde i dag, onsdag 17. februar.
Ola Matti Mathisen, redaktør på Uskedalen.no i 10 år, døydde i dag med sine næraste rundt seg. Eit pressehistorisk fenomen vart han kalla av Kristian Hosar i boka om Avishuset Gudbrandsdølen. Då han vart pensjonist 62 år gamal våren 2004, hadde han vore avismann i 47 år. Redaksjonen takkar Matti for det store og verdfulle arbeidet han la ned for nettsida Uskedalen.no. Ikkje minst: Takk for venskap, rettleiing og støtte i arbeidet med å halda oppe nettsida. 
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS