 |

Nyhendearkiv | Hollendarar let seg ikkje skremme! | | Det er ein særs våt fredag, men turistane let seg ikkje skremme bort frå Uskedalen. Dette gjeld i alle fall for paret Greet og Jaap in't Veld, som bur i nærleiken av Haag i Holland. Dei et lunsjen sin på Sandakaien ved sida av dei parkerte syklane sine sjølv om det ausar ned. |  | | Les meir | 30.07.2010 |
|
| Grundig kantslått | | Det er positivt at entreprenør Opedal gjennomfører ein grundig kantslått langs fylkesvegen gjennom sentrum. Men slåtten kan her og der bli for grundig, påpeikar oppsittarar. |  | | Les meir | 29.07.2010 |
|
| Parkerte campingvogner i sentrum bør flyttast | | Det har i sommar vore parkerte campingvogner på parkeringsplassen ved Gamleskulen. |  | | Les meir | 29.07.2010 |
|
| 11 uskedelingar spelar i Norway Cup | Sundag startar verdas største fotballturnering Norway Cup i Oslo og fotballgruppa til Rosendal Turnlag stiller med 3 lag. Det er gutar 13 og 14 og jenter 14. Lagleiar Arvid Nes fortel at det er 6 uskedelingar med på gutar 14 og 4 jenter på jenter 14. I tillegg spelar uskedelingen Dag Rune Myklebust på Vard Haugesund sitt juniorlag (elite).Han er frå Korsnes og elev ved Haugesund Toppidrettsgymnas der han startar på andre året i august. |  | | Les meir | 29.07.2010 |
|
| Ikkje lenger usemje om sluttoppgjer | | I årsmeldinga for 2009, som vart underteikna 30. juni, blir det opplyst at det er usemje om sluttoppgjeret for supplybåten som Eidsvik Skipsbyggeri leverte i april til O.H. Meling & Co i Stavanger. Det er det og for arbeidet som er gjort på bygget som no skal utrustast av Kleven Maritime på Sunnmøre. Det er Bergens Tidende som skriv dette. |  | | Les meir | 29.07.2010 |
|
| Tur til Skorpefjellet etter gudstenesta | Etter gudstenesta på Skorpo på sundag vert det skipa til tur til Skorpefjellet. Turleiarar vert Kjell Yri og Kristian Bringedal |  | | Les meir | 28.07.2010 |
|
| Ny siger for Nesjarane! | | Det er ikkje lett å setta til veggs det lokale quiz-lag Nesjarane. Det fekk konkurrentane erfare også under runde nummer 4 som gjekk på Vertshuset i kveld. Men overlegen var kvartetten ikkje, det vart eit nytt spanande oppgjer der ingenting var avgjort før i siste runden - som var Tiaren med ordførar Synnøve Solbakken som oibjekt. |  | | Les meir | 28.07.2010 |
|
| Kven saknar mkobiltelefonen sin? | | Kven saknar ein Sony Ericson walkman mobiltelefon? | | | Les meir | 28.07.2010 |
|
| Største laks førebels: 4,5 kilo | | Det har førebels ikkje vore nokon stor fiskesesong i Uskedalselva, men ein av dei som har fått storfangstar i elva før leiar i statistikken også i år. Det er Leif Magne Jordal, til daglag postbud i Fyllingsdalen i Bergen, som har fått ein laks på 4,5 kilo. Jordal har gjennom åra vore ein flittig fiskar i Uskedalselva, men i år har han vore her berre to gongar. |  | | Les meir | 28.07.2010 |
|
| | |
 |