Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Nyhendearkiv

Klara Bakke og Jofrid Eik er klar for nytt loddsal i morgon ved SPAR. Kaffi og vaffel er gratis.
I innspurten til den store Helselagsbasaren på sundag.
Uskedal Helselag er i innspurten til den årlege helselagsbasaren på sundag kl. 16 i Helgheim. Så langt har loddsalet gått strykande, men det er frammøte og innsatsen på sjølve basaren som er avgjerande for kva sluttsummen vert av innsamla midlar. Målet er å slå rekorden frå 2018 då resultatet stoppa på knappe 44.000,-
05.04.2019
 
All laus elvastein skal fjernast. Her vert den eine kortsida planert og stelt til. F.v: Svein Rimestad, Bjarne Lilleaas, Knut Steinsletten, Ove Magne Myhre og Pål Haugland ( i traktoren ).
Dugnadsgruppa - frå ide til handling på tre dagar.
Vi har knapt vore med på kor snøgt det kan gå frå ide til handling. Den nye dugnadsgruppa i Uskedalen var samla til drøfting måndag kveld. Alt same kvelden hadde gruppa synfaring på naudsynte arbeidsoppgåver kring Kunstgrasbanen. I går, torsdag, var arbeidet i gang med sju spreke menn med rive, grafse, spade, motorsag og traktor. Fire timars arbeid førte til gode resultat.
04.04.2019
 
Smolten vert fanga med elfisking og plassert i fiskekorger merka med rett elvedel. Silje Elvatun Sikveland står i elva.
Omfattande registrering og merking av smolt i Uskedalselva.
Det pågår ei omfattande registrering og merking av smolt i Uskedalselva i dag og i morgon. Heile sju forskarar frå Rådgjevande biologar er arbeid frå elevosen til Gavehølen. I morgon vert område utvida slik at heile elva er med i registreringa. Arbeidet vert gjort for næringa. Det er med andre ord oppdrettsnæringa som dekkar alle kostnader med feltarbeidet, innsamling av data, forsking og arbeidet fram til ferdig rapport. For at  registreringa skal  vera valid, må det vera eit visst tal på smolten som vert merka,- om lag 1000 fisk på to dagar. Basen for registreringa i dag var ved Dønhaughølen.
04.04.2019
 
Matlaging er ein viktig del av barnhagen sitt arbeid for god og sunn kost.
Smøremat i barnehagen med fiskerettar frå Hjønnevåg.
Gode matvaner blir danna alt i tidlig i barndommen. Personalet i barnehagen har eit medansvar for at barna får i seg sunn, god og næringsrik mat medan foreldrene er på arbeid. Ein stor del av dei måltida barnet skal ha i løpet av dagen, får barnet servert i barnehagen. Difor har det stor tyding  kva vi tilbyr av mat, drikke og korleis vi arbeidar med måltida. Vi ynskjer at barna skal få eit sunt og variert kosthald. Som ein viktig del av dette arbeidet er å la barna få smaka på ulike matvarer/produkt  som dei kanskje ikkje har smakt på tidligare.  


03.04.2019
 
Frå Lambasleppet 2018, Vivillain i aksjon.
Lambasleppet - Felles løft for ungdommen
Lambasleppet flottar seg med flunka nye krøller! Og stiller med meir kjøt på beinet enn nokon gong. Ungdommen skal opp og fram.
02.04.2019
 
Heile 12 personar møtte fram til den fyrste samlinga i dugnadsgruppa.
Dugnadsgruppa er klar for oppdrag.
12 personar møtte fram til den fyrste samlinga i det som vert kalla Dugnadsgruppa i Uskedalen. Pål Haugland tok initiativet slik at det som lenge har vore ein tanke, vart til handling. I drøftinga i kveld i Gamleskulen kom det fram gode tankar om orgaisering og konkrete arbeidsoppgåver. Dugnadsgruppa legg opp til ein fast arbeidsdag i veka med frammøte i sentrum kl. 09.30.
01.04.2019
 
Tårnagenthelga er eit tilbod i trusopplæringa for 9 åringane.
Ei tårnagentgudsteneste med dramatisering av fotvaskinga.
Tårnagentane var med og la grunnlaget for innhaldet i gudstenesta i Uskedalen i går. Ei tårnagnethelg er eit tilbod for 9 åringan frå soknene Ænes, Kvinnherad og Uskedalen. Opplegget er ein del av trusopplæringsprogrammet. Einingsleiar i trusopplæring i Kvinnherad, Kristine Hestad, saman med Toril Langeland, sokneprest Reidar Ådnanes og kantor Eva Megyesi hadde sentrale roller i gjennomføringa. Sokneråda med sine frivillige var med heile helga.
01.04.2019
 
Ingvar Pettersen er godt nøgd med den store interessa for bileta hans. Her ved motivet frå Kvednavikjo i Uskedalen.
Måleriutstilling der 20 av 29 motiv vart selde innan ein halv time.
Det var stor tilstrøyming frå heile Kvinnherad til Ingvar Pettersen sin utstilliing i Grendahuset i Bringedalsbygda. Av totalt 29 bilete vart 20 motiv selde innan ein halv time. Dette er imponerande når vi veit at det ikkje hadde vore visning før opninga kl. 14. Dei frammøtte kjenner kunstnaren og motiva hans frå mange utstillingar. Dei raude lappane kom såleis kjapt på plass.
30.03.2019
 
Slåtten og førefallande vedlikehald på Kunsgasbanen er eit av mange prosjekt for pensjonistgruppa ( Arkivfoto 2018 ).
Kom og ver med i seniorgruppe for praktisk arbeid.
Pål Haugland tek initiativet til å få på plass ei seniorgruppe for førefallande praktisk arbeid i Uskedalen. Mange bygder har slike grupper. No er det Uskedalen sin tur. Pål Haugland inviterer til drøftingsmøte måndag 1. april kl. 19. Møte vert anten i Gamlskulen eller på Stemneplassen. Sjå notis i helga om nøyaktig møteplass.
29.03.2019
 
  Forrige
Neste  
Lesarbilete
Notisar
23.04.2019
Kafe Tiaren på sin faste vekedag, tysdagen.
Kafe Tiaren har sine rutinar med sin faste kafedag i Gamleskulen, tysdagen frå kl. 11. Det er feil å sei at Kafe Tiaren startar opp i dag etter påske. Kafe Tiaren hadde nemleg ope i påskeveka. I dag er det ny samling med god mat til ein utruleg rimeleg pris, kr. 10 pr. eining. Difor: Du vil ikkje angra på å ta turen. Alt smakar like godt.

kb
22.04.2019
Rosar ungdomen for fin framferd på låvedansen
Innehavar av Dønhaug Gjestegard og arrangør av den årlege påskedansen, Magne Huglen, takkar og rosar ungdomen for fin framferd og god stemning. Det er kjekt å ha så fine ungdomar på besøk på Dønhaug. Truleg vert det same opplegget i påsken 2020, skriv Huglen på si FB side.

kb
22.04.2019
GRETZKY BR vann Habibs Minneløp på Bjerke Travbane.
Travhesten GRETZKY BR vann enno ein gong eit viktig løp på Bjerke Travbane, Habibs Minneløp for 4 - 6 åringar. Trude Helen Døssland og samburaren eig hesten saman med tre venepar. Kusken var Magnus Telen Gundersen. GRETZKY BR vann med minst 4 hestelengder på konkurrentane.

kb
22.04.2019
Gutar 14 arrangerer sykkelrebus onsdag 1. mai.
Den årlege sykkelrebusen rundt dalen er lagt til onsdag 1. mai  frå kl. 11. Start og mål er ved Uskedal skule. Det er fotballaget G 14 Rosendal/Uskedalen som er arrangør. I løypetraseen er det postar med oppgåver. Det er tre fine premiar til vinnarane. Inntekta går til dekking av kostnad med reise og deltaking på Norway Cup.

kb
21.04.2019
Kveldsgudsteneste med songkvintett.
Det er kveldsgudsteneste i dag, 1. Påskedag, i Uskedal kyrkje kl. 19.30. Prest er Arne Nataas. Organist: Kantor Eva Megyesi. Ein songkvintett frå kyrkjekoret Nordsaang vert med på gudstenesta. Dei syng mellom anna salmen Under krossen stod med tåra, tekst frå før 1306, omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1927. Velkomne til gudsteneste i kveld.

kb
20.04.2019
Den årlege påskefesten på Skorpo er i full gang.
Den store påskefesten på Skorpo er i full gang med påskerebus, tur på Skorpefjellet, grilling og leikar for born og vaksne. Festen kvar påske samlar over 100 hyttefolk og fastbuande i alle aldrar, mange av dei kledde i gule påskedrakter. Festen er lagt til Marit og Oskar Langballe sitt tun, ved flaggstonga der det gamle gardshuset stod.

kb
20.04.2019
Trygve Leite spelar poker i Dublin.
Trygve Leite frå Uskedalen er rangert som ein av Noregs beste pokerspelarar, etter gode prestasjonar i inn- og utland. I påskehelga er han på turnering i Dublin. Trygve Leite satsar på pokerspel på heiltid.

kb
19.04.2019
Plagar svanene med båtkøyring.
Redaksjonen har i dag, langfredag, motteke melding frå Eikelandet om at ein liten grå båt med høg fart køyrer tett på svanene og plagar fuglane med sjøskvett. Plassen er mellom Holmen og Stølavikjo. Slik båtkøyring vert ikkje akseptert. Dersom det held fram, vert saka meldt til Politiet. Plaginga pågjekk i om lag 10 minuttar. Hendinga er filma.

Red.
17.04.2019
21 konfirmantar i Uskedalen 12. mai.
Heile 21 ungdomar vert konfirmerte i Uskedalen sundag 12. mai. Det høge talet gjer at konfirmantane vert delte i to grupper, kl. 11 og kl 13. Tidlegare sokneprest i Uskedalen. Lina Håland, er prest. Kantor Eva Meyesi er organist. Soknerådet helsar konfirmantane med bokgåve, Uskedal kyrkje 1914 - 2014.

kb
16.04.2019
Godt billettsal til påskedansen på Dønhaug.
Påskedansen på Dønhaug med Gunslingers er like populær som det har vore i mange år. Måndag morgon var det berre att 70 av totalt 400 billettar. Dermed vert truleg alle billettane selde før dansen tek til onsdag.

kb
Siste Nyhende
23.04.2019
TV programmet Helt naturlig startar i morgon, onsdag 24. april.
Programserien Helt naturlig med innslag om Johannes Hauge på Skorpo startar i morgon, onsdag 24. april, på NRK1. Det naturfotografen og produsenten Jan Grønseth som er ansvarleg for naturporgrammet som vert sendt på datoane 24. april, 1. mai og 15. mai. Johannes Hauge døydde 24. mars i år og hans bortgang vil bli lagt inn i rulleteksten på skjermen.
20.04.2019
Båtens Verden med artikkel om Uskedal Båtlag
Der båtlag møter bygd er tittelen på ein fire siders artikkel i båtmagasinet Båtens Verden. Båtmagasinet har avtale med Kongelige Norske Båtforening ( KNBF ) og når ut til mange tusen lesarar, anten i abonnement eller i laussal i kioskar eller butikkar. SPAR Uskedalen sel Båtens Verden. Tre utgåver i året går ut til alle medlemene i KNBF, eit tal på 37000 medlemer. Artikkelen om båthamna i Uskedalen har såleis stor profilerings- og marknadsføringsverdi for bygda og for heile kommunen.
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
16.04.2019
Janove og Real Ones til Festidalen
Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!  
16.04.2019
Kven saknar denne pengepungen ?


Det er i dag, tysdag 16. april, levert inn på SPAR ein pengepung med eit kattemotiv på. Sjå på bilete. Den vart funnen utanfor Gamleskulen, i den tida det var Kafe Tiar. Dersom du er eigaren, kan du ta kontakt med butikken.


Siste: Mor til eigaren har meldt frå. Det var ei lita jente med namnet Julia, som la pengepungen frå seg mens ho leikte på leikeplassen ved Gamleskulen. Mor og dotter er takksame for hjelpa.




Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunn Mari Moberg
16.04.2019
Gult i gult og god påskestemning på Gro`s Blomster.
I påsken skal det vera gule blomar, anten det er ute- eller inneplanter. Som i  jula, er påsken ei viktig høgtid for alle som driv med blomehandel. For det fyrste skal det pyntast på gravene med påskeliljer, lyng og stemorsblomar. Så er det planting og pynting heime, ute og inne i huset. I innspurten til påsken kjem alle som kjøper påskeblomar som ei gåve og helsing til kjære og kjende.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS