Båtbesøket frå den store verda i Uskedalen har ikkje vore så omfattande denne sommaren, men eit visst innslag av seglbåtar frå andre land har det vore i den seinare tid.
På tur inn frå Sverige over Kongsvinger gjer vi eit kort stopp på Skarnes i Odalen og møter Tormod Myklebust frå Uskedalen. Han er 90 år og onkel til den Tormod Olav Myklebust vi kjenner i bygda vår.
Uskedalsjenta Ingebjørg Haugland (15) held fram med å imponera i ulike sportsgreinar. I helga var ho med i 9 øvingar under den tradisjonsrike Suinnhordlandsmeisterskapen i friidrett og sikra seg status som mieister i 6 av dei.
Det var ikkje berre i båtlaghamna det vart sett årsrekord med 53 gjestebåtar natt til sundag. Det var også fullt i Øyro Marina med 16 båtar, fortel hamnevert Egil Høgemark til uskedalen.no
Han gjev også uttrykk for eit luksusproblem - båtane har vorte så store!
Tilsaman var det med andre ord 69 gjestebåtar i Uskedalen denne natta.
Denne teljaren viser maskiner som er innom pr dag ( og kvar maskin vert berre teld ein gong same kor mange gonger den besøkjer sida), og ikkje kor mange gonger sidene vert vist.