Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
Spørjeundersøking
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Siste Nyhende

Uskedeling med storverk om fjordabåtane


No er boka til uskedelingen Harald Sætre om fjordabåtane lansert og til sals.Verket på 175 sider utgjeve på Kapabel Forlag har vorte eit storverk og ein svært grundig dokumentasjon av båtar som var og er mykje meir enn eit sjøvegs transportmiddel. 
Les meir31.07.2010

Internasjonalt på Sandakaien

Det er ikkje kvardagskost at to flotte seglbåtar - den eine frå Nederland og den andre frå Frankrike - ligg saman ved Sandakaien.

 

Men det gjer dei no og dermed er dei med og skapar eit høgst internasjonalt miljø.
Les meir31.07.2010

Tagging på Skorpetrollet

Thomas F. Eide har vore på ein fin fisketur rundt om i Skorpo-området, men han hadde ei negativ oppleving: Det er tagga på skorpetrollet. 
Les meir31.07.2010

Kantslått også om natta

I eit lesarinnlegg i Kvinnheringen blir det opplyst at det har gått føre seg kantslått klokka 0030 natt til sist torsdag langs fylkesvegen og tett innpå boligfeltet øverst på Syne på Korsnes.

 

Maskinen var berre 10-15 meter frå soveromma, vert det opplyst.
Les meir30.07.2010

Hollendarar let seg ikkje skremme!

Det er ein særs våt fredag, men turistane let seg ikkje skremme bort frå Uskedalen.

 

Dette gjeld i alle fall for paret Greet og Jaap in't Veld, som bur i nærleiken av Haag i Holland.

 

Dei et lunsjen sin på Sandakaien ved sida av dei parkerte syklane sine sjølv om det ausar ned.
Les meir30.07.2010

Grundig kantslått

Det er positivt at entreprenør Opedal gjennomfører ein grundig kantslått langs fylkesvegen gjennom sentrum. 

 

Men slåtten kan her og der bli for grundig, påpeikar oppsittarar.
Les meir29.07.2010

Parkerte campingvogner i sentrum bør flyttast

Det har i sommar vore parkerte campingvogner på parkeringsplassen ved Gamleskulen. 
Les meir29.07.2010

11 uskedelingar spelar i Norway Cup


Sundag startar verdas største fotballturnering Norway Cup i Oslo og fotballgruppa til Rosendal Turnlag stiller med 3 lag. Det er gutar 13 og 14 og jenter 14. Lagleiar Arvid Nes fortel at det er 6 uskedelingar med på gutar 14 og 4 jenter på jenter 14.

 

I tillegg spelar uskedelingen Dag Rune Myklebust på Vard Haugesund sitt juniorlag (elite).Han er frå Korsnes og elev ved Haugesund Toppidrettsgymnas der han startar på andre året i august.
Les meir29.07.2010

Ikkje lenger usemje om sluttoppgjer

I årsmeldinga for 2009, som vart underteikna 30. juni, blir det opplyst at det er usemje om sluttoppgjeret for supplybåten som Eidsvik Skipsbyggeri leverte i april til O.H. Meling & Co i Stavanger.

 

Det er det og for arbeidet som er gjort på bygget som no skal utrustast av Kleven Maritime på Sunnmøre.

 

Det er Bergens Tidende som skriv dette.
Les meir29.07.2010
 
Neste  
Siste Nyhende
Uskedeling med storverk om fjordabåtane
Les meir[31.07.2010]

Internasjonalt på Sandakaien
Les meir[31.07.2010]

Tagging på Skorpetrollet
Les meir[31.07.2010]

Kantslått også om natta
Les meir[30.07.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS