Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Flying start for Elin med matgledene

02.11.2012
Klikk på bilete for full storleik
Elin med beviset på at ho er med i det eksklusive lauget (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
1. desember opnar Elins Matgleder på Feet og Elin Enes har fått ein flying start ved å bli ein av dei 6 medlemmene i Hjemmekokklauget til Eyvind Hellstrøm. I kveld slår ho fast for uskedalen.no at etterspurnaden har auka mykje allereie - altså før det vart kjent at ho er med i det eksklusive lauget.Elin var nummer 3 som vart gjort kjent og i dei 3 nærmaste dagane blir det letta på sløret for dei 3 siste. For dei gjeld framleis teieplikta. Elin må nøye seg med å slå fast at dei 6 er svært forskjellige med omsyn til engasjement for mat.

 
- For ei skravlebøtte som meg har det vore anstrengande med den langvarige teieplikta, innrømmer ei glad Elin som kom att frå Italiaturen måndag full av gode minnar og opplevingar i matens og vinens høgborg.No slappar ho av og kan konstatera at produksjonslokale og butikk er klare. Når ho opnar om ein knapp månad vil det skje nøyaktig ni år etterat ho opna verksemda si i Gamleskulen.
 
-Vart du overraska då du fekk telefonen om at du var ein av dei 6?

-Eg vart svært overraska fordi eg regna med at eg var ute av leiken på grunn av utviklingen i røystetala. Men eg har hatt mange støttespelarar og vil takka dei for innsatsen. Eigentleg hadde eg planlagt ein tur til Oslo den aktuelle helga, men så vart det Italia i staden og det gjorde meg overlukkeleg.
 
Til Jernias nettavis fortel Elin at ho laga middagane til familien då ho var 5 og at det kjekkaste ho visste var å bake kakar og bollar.Lidenskapen for baking var ein hovudgrunn for at Hellstrøm peika ho ut som bakermeisteren i lauget. Det er viktig for Elin å friste andre til å satsa på enkle og ukompliserte metodar.Hvis ein startar med noko enkelt aukar sjølvtilliten etterkvart og ein kan gå laus på større og meir krevjande oppgåver.
 
Ein av dei nærmaste oppgåvene til Elin er både krevjande og smigrande. Like over helga skal ho til Oslo og servera noko søtt og godt til  Nordisk Ministerråd! 
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.10.2018
REFLEKS!! REFLEKS!! REFLEKS!!
På veg til jobb i regn og mørke i dag tidleg trefte eg fleire mørk-/gråkledde Uskedalsungdommar på veg til skulebussen.  Dei var vanskelege å sjå, for refleks var heilt fråverande!! Vi set stor pris på dei flotte ungdommane våre, og bed dei og alle andre om å bruka refleks, og aller helst refleksvest, når dei går langs vegane framover.  VI VIL SJÅ DÅKE!!!

tid
17.10.2018
Har du bilete av fiskereiskapen kjer ?
I Kvinnhesminne til neste år vert det arbeidd med ein artikkel om fiske med kjer i Uskedalselva. Audun Eik i Sogelaget spør om nokon kan ha bilete av eit kjer. Det er ein fast fiskereiskap til lakse- eller aurefiske. Eit kjer er bygd i tømmer og vart brukt i fossar eller stride straumar. Reidskapen fungerer som ei teine der fisken går inn og kjem ikkje ut. Det er ikkje lov å fiska med kjer i dag. Kontakt Audun Eik: 481 52 785.


kb
17.10.2018
Hugs informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen.
Det er informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen i kveld, onsdag 17. okt. kl. 18. Noko av innhaldet i møte vert informasjon om bryst- og prostatakreft. Kreftkoordinatorane vil også informera om aktivitetsmeistring for å få ein meiingsfull kvardag. Møte er ope for alle.

kb
15.10.2018
Nokre ledige billettar til haustfesten, 20. oktober
Det er god påmelding til ungdomslaget sin haustfest fyrstkomande laurdag, 20. oktober i Helgheim. Det er nokre ledige plassar. Kontakt: Rigmor Rasmussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
15.10.2018
Senterpartiet med Skråblikk på Kvinnherad.
SP startar arbeidet med nytt valprogram i Uskedalen tysdag 16. oktober kl. 18 på Elins Matgleder. Bjørn Olav Tveit skal ha innleiing som skal vera eit skråblikk på Kvinnherad. Samlinga i Uskedalen i morgon er den fyrste i ein serie på tre. Tema er: Kommunal forvaltning, næringsliv/arbeidsplassar, frivillighet. Møte er ope for alle.

kb
14.10.2018
Rekordvarme og håslått i oktober.
På nokre fine dagar med vind og turke vart den siste håslåtten teken tidlegare i veka. Det er truleg varmerekord i oktober når vi tek med temperaturen på desse dagane: Torsdag: 22,9. Fredag: 20,3. Laurdag: 21,1 og Sundag: 20,7 varmegarder.

kb
14.10.2018
Kreftkafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. kl. 18.
Det vert kafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. frå kl. 18 til kl. 20.30. På samlinga vert det fleire innlegg om det å leva med kreft. Kreftsjukepleiarane og brukarorganisasjonane vert med. Det same vert ergoterapitenesta. Det er sett av tid til servering og sosialt samvære. Uskedal Heselag er tilskipar.

kb
14.10.2018
kr. 34.700,- kom inn på Bedehusbasaren.
Det kom inn kr. 34.700,- på Bedehusbasaren i går. Det er eit svært godt resultat. Indremisjonen takkar alle for gåver, gevinstar. god støtte og godt frammøte. Pengane går til kostnader med drift og investering.

kb
13.10.2018
Branntroppen var med på båtberging på Sunde.
Branntropp Uskedal var med på båtberging på Sunde i går. Det var MS NYSAND som tok i vatn og som gjekk til kai for å letta skuta så mykje at den akutte faren var over.

kb
12.10.2018
To nye firma i september.
Det er registrert to nye firma i Uskedalen i september. Det er Steinsvåg Legeverksemd v/ Magnus Kr. B Steinsvåg ( enkeltmannsføretak ) og AJ Utleige og Eigedom v/ Arvid Hjelmeland - utleige av eigen eller leigd fast eigdedom.

kb
Siste Nyhende
18.10.2018
Infomøte om kreft samla mykje folk i Gamleskulen.
Knapt ein stol var ledig i Gamleskulen i går då Uskedal helselag saman med kreftsjukepleiarane inviterte til informasjonsmøte. Det var frammøte frå heile kommunen og tiltaket syner at det er trong for faste møte om kreftsaka, noko som truleg fører fram til det Stord og Odda har med sine kreftkafear. Det er viktig å skapa gode møteplassar om det faglege, men like mykje som eit sosialt tiltak.
17.10.2018
Stor mediamerksemd om Skorpo.
Skorpo er i media sitt søkjeljos. Det er ikkje nok med at NRK har sendt dokumentaren Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det neste er naturprogrammet Helt naturleg med filming frå fjellgarden Bjørnebøle og frå Johannes Hauge og gardsdrifta hans på Skorpo. Filminga vart gjort tidleg i august månad av Jan Grønseth. Episodane frå Kvinnherad vert truleg sende ein gong på våren 2019.
15.10.2018
Leileghetsbygg i Uskedalen utleigd til Concolvo as.
Valo Eigedom as ved Elin Stene og Geir Rusten har inngått leigekontrakt med entreprenørfirma Concolvo as. Bakgrunnen er ein større kontrakt firma har fått i samband med utbygginga på Hydro Husnes. Det er langtidsleige, i fyrste omgang for eit år. Leigetida kan bli forlenga. Det seksjonerte leileghetsbygget har gateadresse Uskedalsvegen 510 - 512 og 5 av totalt 6 seksjonar er med i leigeavtalen. 
15.10.2018
Ein ny generasjon fruktbønder på Steinsletto.

Karoline og Bjørnar Gjerde Eik ( begge 30 år ) er dei nye fruktbøndene på Steinsletto. Oppstarten med ein rekordsesong lovar godt. Fyrste året reknar dei med å hausta 6 tonn eple for sal. Det meste går til faste kundar frå den tida Gunnbjørg og Magne Eik dreiv garden. I tillegg kjem torghandel og levering til alle som tingar frukt. Eit skilt ved Fylkesvegen syner vegen fram til plassen. Eit lite parti eple går til pressing, men det er til eige bruk.
14.10.2018
Ny rullestolinngang på Bedehuset.
Alle offentlege bygg og forsamlingshus skal ha universell utforming, noko som vil sei at huset skal vera tilpassa funksjonshemma og brukarar i rullestol. Eldre lagshus og kyrkjer er lite tilpassa for slik utforming. No har styret i Uskedal Indremisjon gjort eit stort arbeid med å gjera inngangen på Bedehuset funksjonell for alle uansett funksjonsevne. Alle kostnader er dekka av eigne midlar og arbeidet er gjort på dugnad.
13.10.2018
Basar med lange tradisjonar og alltid like populært.
Bedehusbasaren samla mykje folk i det dårlege veret. Det var vanskar med parkering og nokre måtte finna plass for bilen i sentrum og gå fram til lokale. Uskedalen har lange tradisjonar med basarar av ulike slag. Bedehusbasaren har truleg vore årleg sidan huset vart bygd på 1930 talet. Inntekta går til drift og investeringar på Bedehuset. Indremisjonsstyret reknar med ei inntekt rundt kr. 30.000,-
12.10.2018
Topp musikal og møte med Statsministeren.
Onsdag 10 oktober var det premiere på Flashdance musikal på Chareau Neuf i Oslo. Tore Sergei Myklebust er direktør i Starworks AS som er produsent og arrangør. Musikalen fekk svært god kritikk i Oslopressa, faktisk berre 5 og 6 på terningen. Mange har særleg merka seg dette at det er mange unge og dyktige artistar med i framsyninga. Statsminister Erna Solberg var på premieren og fekk helsa på direktøren Tore Sergei Myklebust.
12.10.2018
800 sekker ved gjev pengar i lagskassen.

Å vera medlem i jubileumskoret Røysterett for Alle er meir enn song og konsertar. I over 15 år har koret vore i Hauglandslia på veding. Arbeidet er sosialt. Dessutan gjev det pengar i lagskassen. I 2018 reknar styret med at ein vil pakka og selja 800 sekker  ved som igjen fører til ei inntekt kring kr. 50.000,-.
11.10.2018
Ny løe på gamal tuft i Gardsbarnehagen.
Ein gardsbarnehage må ha ei løe og slik vert det i Dønhaug Gardsbarnehage. Arbeidet starta med riving av den gamle løa, utreisking og murarbeid før nytt reisverk i stål kom på plass for kort tid sidan. No er det tid for plating av vegger og tak. Løa skal vera klar til bruk tidleg i det nye året, 2019. Kostnaden er rekna til kr. 500.000,-. I tillegg kjem stor eigeninnsats.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS